Skip to content Skip to footer

Julehelsing frå oss!

No står jula for døra og det er tida for å roe ned og reflektere over det året som har gått. I Aksello kan vi kjenne at 2021 har vore frykteleg travelt til tider. Trass det travle er det fantastisk kjekt at vi kan sitte att og kjenne på at våre verkemidlar og nettverk har vore til nytte for nyskaping og næringsutvikling i regionen også i år. Det har vore mange nye forretningsidéar innom Aksello: Over 80 idéar er registrert inn og fleire av desse har gått vidare i program eller prosjekt hos oss. Vi har arbeidd med 23 selskap gjennom inkubatorprogrammet, der 15 er nye i inkubatoren i år. I tillegg har vi igangsett Grøn vekst for etablert næringsliv som har plass til 15 bedrifter, og vi har nådd ut med kompensasjonsordning gjennom nærare 100 tilsegn.

At vi berre har vore tre tilsette i 2021 har gjort at vi i mykje større grad har nytta oss av eksterne samarbeidspartar for å kunne levere gode tenester for nyskaping og næringsutvikling. Dette har vore lærerikt og ikkje minst auka kapasitet og kunnskap for utvikling hjå bedriftene og prosjekta våre i framtida. Uansett er vi glad for at rekrutteringsprosessen i 2021 har ført fram til at vi tidleg på nyåret kan ønske velkommen ein ny kollega i Aksello.

Nye lokaler

I 2021 var også det året der Aksello flytta inn i nye flotte lokaler hos Peak Florø, og med merksemd på smittevern, fått gjennomført fire frukostmøter med godt oppmøte fysisk og endå fleire som har byrja å følge frukostmøte-strømminga vår. Dette er vi særs nøgd med og håpar å gå i gang igjen med månadlege frukostmøter frå og med første torsdagen i februar neste år.

Vi har nytta tida sidan vi flytta inn i Peak til å sette i stand attraktive lokaler og arbeidsplassar for inkubatorbedriftene våra. I slutten av november kunne vi endeleg invitere til storslått opning av dei nye lokala våre. Med innovativ robotteknologi og medlem av Stortingets næringskomité til stades fekk vi både klipt snora og feira saman med inviterte gjester.

Kompensasjonsmidlar

2021 har for mange i næringslivet vore eit vanskeleg år. Effektane av nedstigning i 2020 og vidare i 2021 saman med usikkerheita i høve framtida, har gjort at fleire, sæskilt i servicenæringa, har stått i ein krevjande situasjon. Gjennom kommunale kompensasjonsmidlar har kommunane kunna støtte lokale verksemder som er særs hardt råka av lokale eller nasjonale smittevernstiltak. Aksello har saman med Kinn kommune tildelt kompensasjonsmidlar til hardt råka verksemder i Kinn kommune til over 5.2 millionar kroner.

Inkubatorprogrammet har internasjonal rekkevidde

Vi kan vise til kjekke suksesshistorier frå inkubatoren og vi synest det er veldig kjekt at desse historiene kan vere med på å lokke interessante og spanande bedrifter til vår inkubator og vår region. Eit døme på dette i 2021 er Thalasso som tok kontakt med Aksello då dei fanga opp at vi jobba med innovative havrelaterte gründersalskap som Evoy og andre. Dette nettverket ville dei bli ein del av. Det resulterte i at Thalasso vart tatt opp i inkubatoren til Aksello før sommaren. Med flytting av selskapet til Vestland, legg dei no utvikling og testing av sin innovative forretningsidé til Florø.

Elles er det alltid litt spesielt når bedriftene skal ut av inkubatoren etter at vi har jobba tett på dei i nokre år i programmet. I 2021 har både Norwegian Seaweed Production AS og FjordAlg AS  hatt positiv exit frå inkubatorprogrammet. Vi er veldig glad for den tida dei har vore i inkubasjon og den delinga og læring som dei har bidrege med i programmet. Trass mykje digitale møter har det vore kjekke samlingar og kurs der inkubatoren har fått tilført kunnskap og kompetanse til både eksisterande og nye inkubatorbedrifter. Her får dei utvikle seg, og kjem stadig nærare målet om kommersialisering og å skape nye berekraftige arbeidsplassar for kvar dag som går.

Grøne og berekraftige prosjekt

Året 2021 starta vi med eit prosjekt som skulle resultere i eit prospekt for etablering av Batterifabrikk i Florø. Dette var eit interessant prosjekt som absolutt opna auga våre i høve kva berekraftige moglegheiter for nyskaping og næringsutvikling som finnast her i vest.

Elles har det vore utruleg kjekt å få samarbeide og leie prosjektet til Hyllestad kommune der målsettinga var å sikre arbeidstakarane og ringverknadane for lokalsamfunnet i høve den store nedbemanninga ved verftet Havyard Leirvik. Saman med gode kollegaer i sør fekk prosjektet eit godt resultat og ein lykkeleg slutt.

Vi er og veldig glad for å få støtte frå Vestland Fylkeskommune og Sogn og Fjordane Sparebankstiftinga til å gjennomføre prosjektet Grøn Vekst i etablerte bedrifter i 2022. Trond Økland, som er prosjektleiar for dette prosjektet, har dei siste månadane av 2021 rigga eit fantastisk godt program som 15 bedrifter skal få nytte av i 2022. (link til vekstprogram på våre nettsider)

På tampen av 2021 vart vi veldig glade då vi fekk tildelt finansiering frå Vestland Fylkeskommune til prosjektet Energisenter Florø, saman med Kinn kommune. Dette er ei vidareføring av det gode arbeidet som vart lagt ned i høve batterifabrikk prospektet, og ei viktig satsing for å sikre vår region sin attraktivitet i høve grøne energiintensive arbeidsplassar i framtida. Vi ser fram til å ta fatt på dette arbeidet i 2022.

I 2021 har vi fått delta i Vestland Fylkeskommune sitt arbeid i Grøn Region Vestland rapporten, og er stolte av at både fleire av Aksello sine eigarar og inkubatorbedrifter er godt representert i dei identifiserte prosjekta som skal bidra til økt sysselsetting og grøn omstilling i region Fjordane.

Arne Olsen på nye eventyr

Som nemnd innleiingsvis kjem det nye ressursar i Aksello sitt team på nyåret, og ein av grunnane til det er at Arne har valt å gå av med pensjon frå nyttår av. Vi ynskjer Arne lykke til og vi er så takksam for å ha hatt han med oss i Aksello i heile 7 år. Og så er vi heldige og veit allereie at vi skal halde kontakten med Arne også til neste år.

Nytt år og nytenking

Det er godt å kjenne at Aksello sitt arbeid i 2021 har fått positive ringverknader og er med å bidreg til nyskaping og næringsutvikling i vår region. Og ikkje minst motiverer dette oss til å sette i gang det viktige arbeidet på nyåret.

Frå vesle julaftan tek vi i Aksello juleferie, og kontoret vil vere stengt i romjula, men vi gler oss til å starte opp att 3. januar.

Tusen takk for eit godt samarbeid i 2021!

Vi vil ynskje dykk alle ei riktig god jul og eit innovativt nytt år!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet