Aksello er 1 av 35 nasjonale programoperatører
Inkubatorprogrammet
I inkubatoren får gründerar og etablerte bedrifter i regionen tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus. Gjennom tilgang på profesjonelle forretningsutviklere, rådgjevarar og investorer hjelper vi deg med å sette fart på prosessen – fra ide til verkelegheit.
Målgruppa til inkubatoren er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.
Målet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.
Kontakt inkubatorleiar Vanja Viken om du vil vite meir om våre tilbod eller om du trur inkubatoren kan vera noko for deg.
Vanja VIken
Inkubatorleiar
415 70 306
vanja@aksello.no
Skap din eigen arbeidsplass
Inkubatoren hjelper deg vidare i ditt prosjekt – kontakt oss for eit uforpliktande møte
Dette ser vi etter
Oppstartsbedrifter eller prosjekt som:
- Har ein unik idé
- Har stort vekstpotensial
- Har behov for å vere i ein inkubator
Søkjaren må:
- Ha ambisjonar på vegne av bedrifta/prosjektet
- Vise vilje og evne til utvikling av bedrifta/prosjektet
- Ha ei open haldning til tett samarbeid med inkubator og rådgjevarar
- Vere villig til å dele av sin kunnskap og sitt nettverk med andre bedrifter/prosjekt i inkubatoren
Dette får du som inkubatorbedrift
- Eit sosialt og fagleg gründer- og utviklingsmiljø
- Rådgjeving, kunnskap og erfaring innan forretningsutvikling
- Moderne kontorfasilitetar med tilgang til trådlaust nettverk, skrivar, kopimaskin, skanner, møterom og kjøkken
- Seminar, workshop og kurs
- Eit nettverk av gode samarbeidspartnerar og mentorer
- Hjelp til å kontakte investeringsmiljøa
- Kopling mot relevant næringsliv, samt relevante forskings- og utviklingsmiljø
- Rettleiing innan immaterielt rettsvern (patent, varemerke, mønstervern osv.)
Her finn du standardvilkår for inkubatorprogrammet:
Fordelsprogram og rabattavtalar
Som inkubatorbedrift får du tilgang til eit fordelsprogram med rabattavtalar hjå utvalde samarbeidspartnarar.
Desse partnarane tilbyr viktige tenester som støttar utvikling, vekst og profesjonalisering av bedrifta di.
Våre samarbeidspartnarar
Kontakt
A til Å – Design og kommunikasjon
Eit kreativt byrå i Florø som jobbar med merkevarebygging, historieforteljing og visuell kommunikasjon. Dei leverer tenester innan design, tekst, foto, film, nettsider og sosiale medium.
Kinn Regnskap
Eit komplett rekneskaps- og rådgjevingsmiljø som tilbyr tenester innan rekneskap, løn, rapportering og økonomisk styring. Dei gir òg bistand innan selskapsetablering, finansiering, analysar og administrativ støtte.
Reflekt Studio
Profesjonell leverandør av fototenester som hjelper bedrifter med å bygge ei sterk visuell identitet og formidle si historie gjennom bilete.
BWH Hotels (Best Western Hotels)
Inkubatorbedrifter får tilgang til avtalepris hjå BWH Hotels.
Bruk avtalekode: 01944860
Inkubatorbedriftene våre
G-nrgy Norway
Heimby AS
Bastal AS
Havland
Nordic Mate
Dimeq AS
SafeStorage AS
Brim Farm
Retrams AS
EmendaKit AS
