Skip to content Skip to sidebar Skip to footer

Havvind

Vestland fylkeskommune har gjennom Grøn Region Vestland gjort ei omfattande kartlegging av grøn næringsutvikling gjennom fire regionale analyser. Her kjem det fram at regionane har fleire unike konkurransefortrinn. Noko av det som vert trekt fram er Kystlinje og hamner – strategisk posisjonert for alle industriar innan «hav møter land».

Som eit av dei fire største nye marknadssegmenta er Havvind definert. Det er satt store forventingar til grøn energiproduksjon dei neste åra der Havvind vert trekt fram som ein fantastisk moglegheit.

Menon rapporten som er publisert i Grøn Region Vestlandsportefølja seier at verdiskapinga for flytande havvind kan gje verdiskaping på opp til 117 milliardar og skape opptil 128.000 årsverk innan 2050.

I Grøn Region Vestland er Fjord Base i Florø definert som ein av 16 hubar med stort potensiale for å gje stor effekt for grøn verdiskaping.  Ved å effektivisere og digitaliserie ny, grøn logistikk og sikre posisjonering verdikjeda for Havvind, vil Vestland ha ei stor moglegheit for auka eksport innan fornybar energi i framtida.

Hub’en Fjord Base har eit svært godt utgangspunkt med si lange erfaring innan logistikktenester frå tilsvarande næringar som olje, gass, maritim og vindmøller på land. 

Aksello har i samarbeid med Hub’en Fjord Base søkt og fått på plass eit prosjekt som skal kartlegge aktørbildet for leveransar innan Havvind og sjå på kvar i verdikjeda vår region kan utvikle bærekreftige og grøne forretningsmodellar. Prosjektet skal styrke arbeidet med å sikre rett kompetanse og utvikling av framtidige utdanningsbehov regionalt, samstundes som ein opnar for eit samarbeid for å finne solide og truverdige infrastruktur-planar med tilhøyrande realiserbare investeringsmodellar.

Prosjekteigar for havvind prosjektet er Fjord Base AS, Aksello er prosjektleiar, der Jan Frederik Namtvedt skal leie prosjektet.

The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.
Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet