Aksello er 1 av 35 nasjonale programoperatører
Inkubator
I inkubatoren får gründerar og etablerte bedrifter i regionen tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus. Målgruppa til inkubatoren er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.
Målet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.
Kontakt Programansvarleg Ingunn Eide om du vil vite meir om våre tilbod.
Skap din eigen arbeidsplass
Inkubatoren hjelper deg vidare i ditt prosjekt – kontakt oss for eit uforpliktande møte
Dette ser vi etter
Oppstartsbedrifter eller prosjekt som:
- Har ein unik idé
- Har stort vekstpotensial
- Har behov for å vere i ein inkubator
Søkjaren må:
- Ha ambisjonar på vegne av bedrifta/prosjektet
- Vise vilje og evne til utvikling av bedrifta/prosjektet
- Ha ei open haldning til tett samarbeid med inkubator og rådgjevarar
- Vere villig til å dele av sin kunnskap og sitt nettverk med andre bedrifter/prosjekt i inkubatoren
01. Unike Idéar
02. Vekstpotensial
03. Behov for å vere i ein inkubator
I inkubatoren får lokale gründerar og etablerte bedrifter tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus.
Målgruppa til inkubatoren er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.
I ein inkubator får grundere tilgang på profesjonelle forretningsutviklere, rågjevarar og investorer. Inkubatoren er også eit fagleg og sosialt fellesskap som gir idear rom til å vekse.
Målet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.
Dette får du som inkubatorbedrift hos Aksello
- Eit sosialt og fagleg gründer- og utviklingsmiljø
- Rådgjeving, kunnskap og erfaring innan forretningsutvikling
- Moderne kontorfasilitetar med tilgang til trådlaust nettverk, skrivar, kopimaskin, skanner, møterom og kjøkken
- Seminar, workshop og kurs
- Eit nettverk av gode samarbeidspartnerar og mentorer
- Hjelp til å kontakte investeringsmiljøa
- Kopling mot relevant næringsliv, samt relevante forskings- og utviklingsmiljø
- Rettleiing innan immaterielt rettsvern (patent, varemerke, mønstervern osv.)
Aksello styrkjer innovasjonsmiljøet ytterlegare når to nye bedrifter blir tekne opp i inkubatorprogrammet. Opptaket opnar for tilførsel av ny teknologi og KI-kompetanse til regionen. Dette skaper verdifulle synergier og kompetansedeling…
På full fart mot målet om å løyse fleire av dei store utfordringane i helsesektoren Retrams, eit innovasjonsselskap med base i Florø, er på veg til å revolusjonere helsesektoren. Selskapet,…
Røyrleggarbrørne Eirik og Tore Førde Rylandsholm frå Bremanger har utvikla ein ny type festeskinne i bygg. Med den teleskopiske stålskinna kan festing av røyr gjerast mykje enklare og raskare enn…
Chilenske Pia Anazco i Florø har starta reiselivsfirmaet Nordic Mate. Ho siktar seg inn på turistgrupper frå Chile, som ho vil ta med på guida turar på Vestlandet. Seinare ser…
