Skip to content Skip to footer

Utviklar sporing av tekstilar

Safe Storage AS er frå sommaren 2023 ny inkubatorbedrift hos Aksello. Det nye selskapet arbeider med sporing av tekstilar og har gått inn eit nært samarbeid med Nor Tekstil, landets største gruppe av vaskeri. Safe Storage er ei knoppskyting frå Retrams AS, som i haust avsluttar sin inkubatorperiode hos Aksello.

Vaskeri leiger ut tøy

Stein-Asle Øvrebotn og Tore Havn i Retrams AS starta Safe Storage AS i 2022. På nyåret i år inngjekk Safe Storage ein avtale med vaskerikonsernet Nor Tekstil om å utvikle ei løysing for sporing av tekstilar. Med støtte frå Innovasjon Norge starta partane eit prøveprosjekt på dette i vår. Då vart Christian Hjertenes Aguirre tilsett som innovasjonssjef og første medarbeidar i Safe Storage AS.

24 vaskeri er med i Nor Tekstil. 90 % av tøyet som Nor Tekstil vaskar i dag eig vaskeria sjølve. Det gjeld rundt 50 millionar plagg med såkalla flatt tøy, som sengetøy, handdukar osv. Dette tøyet leiger Nor Tekstil ut til kundane, som dermed løyser tekstilbehovet sitt på ein enkel måte. Vaskeria må ha kontroll på mengda av tøy som går ut til kundane og mengda som kjem inn att. Tekstilar skal dessutan vaskast og behandlast på mange ulike måtar. Veldig mange typar materialer blir brukte i tekstilar, fortel Christian Hjertenes Aguirre.

Dermed er det eit behov for å kunne spore kvart enkelt plagg, frå tekstilane blir laga til dei skal ut av sirkulasjon. Internasjonalt er det berre eit par etablerte selskap som driv med dette. I Noreg finst det ingen som leverer sporing av tøy i dag.

Mange fordelar med sporing

Sporinga som Safe Storage er i gang med å utvikle skal også vise kor mange ganger plagget er vaska, slik at ein kan sjå kva tid det skal byttast ut. Med sporing som viser kva materialer som er i tekstilane, blir det også lettare å resirkulere og gjenvinne tøyet. Framleis er det ein del manuelt arbeid ved vaskeria. Sidan det blir meir og meir utfordrande å få tak i arbeidskraft, er automatisering også løysinga på dette.

Helseføretak utgjer ein svært stor del av kundane til Nor Tekstil. Sporingsløysinga må også tole sterilisering av tøy. Ein del tøy frå t.d. sjukehus krev ein kraftigare vaskeprosess enn anna tøy. Slikt tøy kan også sorterast ut gjennom automatisk sporing. Dess meir av prosessen som er automatisert, dess tryggare er det for dei som jobbar med tøyet. Målet er at folk mest mulig skal sleppe å ta i tøy som må steriliserast, slik at dei ikkje utset seg for smitte.

Prøveprosjektet starta med at Safe Storage sette seg inn i kva Nor Tekstil har av teknologi. Utfordringa var å finne ei sporingsløysing som tolde vaskeprosessar med kraftig trykk og temperaturar opptil 200 grader. Partane kom fram til ei løysing som kan vere aktuell å ta med vidare i eit hovudprosjekt. Dei ser spesielt på utfordringar som kraftigare innkapsling og signalgivarar. Sidan har Safe Storage prøvd ulike løysingar og materialar. Løysinga som blir valt skal dessutan vere berekraftig på alle område. Materialet i sporingseininga skal anten kunne takast ut og brukast på ny eller brukast på ein anna måte.

Hovudprosjekt startar

I haust skal Safe Storage etter planen starte eit hovudposjekt som vil vare i to og eit halvt år. Selskapet har knytt til seg forskarar ved SINTEF i Trondheim og ved Vestlandsforsking i Sogndal. Målet er å ha eit produkt klart i slutten av 2024 og å kunne selje det kommersielt frå 2025. – Vi ønsker å få til ei løysing som er så god som vi krev og gjerne dobbel så god, seier Christian Hjertenes Aguirre.

Retrams AS vart danna i 2018. Namnet på selskapet er «smarter» stava baklengs. Retrams utviklar sporingssystem for kirurgisk utstyr utan fysisk merking. Dette vil gje sterilsentralen på sjukehus betre kontroll på kvar utstyr er og at utstyret går gjennom steriliseringsprosessen. Retrams har vore med i inkubatorprogrammet til Aksello sidan 2020 med sporingssystemet og er snart på veg ut.

Safe Storage AS fører vidare satsinga på lager og logistikk, mellom anna innovasjonen Safe Control Cabinet, som er utvikla i samarbeid med Vestnes Land og inkubatoren til Aksello. Skapet er i bruk i ulike industribransjar og ved eitt helseføretak. Saman med satsingsområdet verkstadsinnreiing skal dette gje selskapa fleire bein å stå på.


Innovasjonssjef Christian Hjertenes Aguirre i Safe Storage i gang med å merke eit handkle for sporing. Foto: Stein-Asle Øvrebotn.

I dag eig Smarter Invest AS både Retrams AS og Safe Storage AS. Dagleg leiar Stein-Asle Øvrebotn og styreleiar Tore Havn er eigarane av dei tre selskapa. I tillegg til Christian Hjertenes Aguirre jobbar Per Helge Litzheim Frøiland ein del i Safe Storage. Han er tilsett i Retrams også. I haust er studenten Tor Magne Solheimsnes inne i to månader.

God hjelp frå Aksello

Både Retrams og Safe Storage flytta i august inn i nye lokale på Evja i Florø. Der har dei også fått lager og verkstad. Fram til då hadde begge selskapa kontorplass hos Aksello. Stein-Asle Øvrebotn og Trine Vederhus i Retrams vil framleis vere der fram mot slutten av året.

– I inkubatoren til Aksello er det masse viktig og god kompetanse å finne. Det gjorde at vi gjekk inn med sporingsprosjektet. Kjell Hilde er vår faste rådgjevar der. Han har mykje god kompetanse på økonomi og marknadsføring av bedrifter. Aksello er veldig gode på kurs og kompetanseheving. Dei har vore flinke til å finne folk som er flinke til å lære bort. Så har vi inkubatorsamlingane der vi kan møte og prate med andre inkubatorbedrifter. Her i Florø er vi veldig flinke til å spele kvarandre gode og hjelpe kvarandre, seier Christian Hjertenes Aguirre

Tekst: Magnus Helge Torvanger.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet