Skip to content Skip to footer

Frukostsamling 2. september

Nytt lakseslakteri i Florø, 3 nye inkubatorverksemder og nyhende frå Aksello

Endeleg! Aksello startar opp att dei populære frukostsamlingane torsdag den 2. september. Det blir i våre nye lokale i Peak Florø (det gamle Sparebankbygget i Strandgata i Florø). 

Vi startar etter gammalt med frukost (ferdig-pakka av Corona-omsyn) kl. 07.30, og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00. 

Vi kan denne gongen by på følgande program:

  • Nytt lakseslakteri i Florø v/Kristin Bergstøl Hansen, dagleg leiar i Slakteriet AS
  • Presentasjon av tre nye inkubatorverksemder:
    • Thalasso AS, fangst og foredling av flytetare, v/Frode Sønstebø og Paulina Zanela
    • Fjord Panel, nytt material for skips- og anna industri, v/Morten Zakariassen
    • Måløy Marine Ressurssenter, kommersialisering av ekstruder, v/Trond Briskeby
  • Nytt frå Aksello, v/ Lone Bareksten
  • Ordet Fritt

Innovasjon Norge vil være til stades på Frukostsamlinga. Dei vil også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med dei, så send ei melding til arne@aksello.no.

 

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Av Corona-omsyn har vi eit avgrensa tal plassar, så vær rask med å melde deg på. 

 

Husk: Frukostsamlinga finn som nemnt stad i Aksello sine nye lokale i Peak Florø.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet