Skip to content Skip to footer

Dette gjer ein innovasjonsrådgjevar

Som innovasjonsrådgjevar i Aksello vil du ha varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit innovativt og nyskapande miljø. Du vil ta imot alle som henvender seg til Aksello med gode idéar og behov for hjelp og rådgjeving.

I nokre tilfelle vil du vere rådgjevar og hjelpe individuelle gründerar med oppstart av selskap og rett veg vidare for at dei skal nå sitt mål. I andre tilfelle er det kollegaer og rådgjevarar i Aksello som bistår gründeren eller bedrifta i rett retning. I periodar kan det og vere noko prosjektarbeid og deltaking i enkeltståande prosjekt som du vil ha ansvaret for, der og søknad og rapportering er ein del av prosessen.

Som innovasjonsrådgjevar i Aksello vil du arrangere viktige møteplassar for gründerar og næringsliv der innovasjon og berekraftig utvikling vil stå sentralt. Dette kan vere frukostmøte, gründertreff, arrangement for inkubatorbedriftene eller arrangement i enkeltståande prosjekt.

Det er viktig for Aksello å nå ut til næringslivet langs kysten vår og sikre at vi formidlar virkemidlane våre på ein god måte til dei som har eit behov. Det vil seie at ein del av ditt arbeid vil vere å oppsøke næringslivet og sikre deira deltaking og samarbeid både i prosjekt, arrangement, omstilling- og vekstprogram. Noko av arbeidet vil vere registrering og sakshandsaming innan dei systema vi nyttar.

Vi i Aksello er oppteken av å dele dei gode historiene frå alle dei flinke gründerane og næringslivet som nyttar vår hjelp, du vil derfor delta i eit team som er oppteken av på dele informasjon digitalt, og sikre at vi som eit verkemiddel både er tilgjengeleg og oppdatert i sosiale medier og andre kanalar. Vi er eit erfarent og godt team som gleda oss til å få deg med på laget vårt.

Vi har ledige stillingar; les meir og søk her.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet