Prosjekt

For å sikre fundament for nyskaping og næringsutvikling etablerer Aksello ulike utviklingsprosjekt kontinuerleg. Desse skal sikre samarbeid, tilrettelegging og utvikling som igjen bidreg til at nye berekraftige bedrifter etablerer seg, eller eksisterande næringsliv utviklar seg. Vi ynskjer at prosjekta våre skal gje synleg effekt for berekraftig verdiskaping i vår region.

Grøn Hub Fjord Base Florø Fase 2

Målet med Grøn Hub Fjord Base Florø Fase 2 er at Fjord Base saman med fleire av byens bedrifter skal utviklast til å bli ein av 16 verdsleiande grøne hub’ar gjennom industriell symbiose. Dette vil sikra verdiskaping og sysselsetjing både i etablerte og nye verksemder, der industriell symbiose er ein metodikk for å redusera kostnadar og utslepp.

Studiesenter Kysten

Studiesenter Kysten er eit desentralisert studiesenter på Kysten av Fjordane i Vestland og er skapt i samarbeid mellom Kommunane: Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger med utdanningshubar i alle samarbeidskommunane.

DIVA kvinnenettverk

DIVA skal vere ein møteplass for kvinner som ønskjer å utvikle seg, skape noko nytt, styrke karrieren sin eller bli del av eit større fellesskap. Gjennom faglege samlingar, mentorordningar, nettverksbygging og inspirerande rollemodellar vil vi bidra til meir verdiskaping, fleire kvinnelege gründarar og sterkare lokalsamfunn.

Energisenteret Florø

Aksello arbeidde med kartlegging og planlegging, slik at myndigheiter og næringsliv saman kunne realisera framtidige fornybare moglegheiter for kraftintensive næringsetableringar i regionen vår.

Flora U40

Flora U40 er eit nettversk som skal inkludere samt fremme trivsel, bulyst, tilbakeflytting, og tilflytting i regionen vår. Målgruppa er dei under 40 år som bur, arbeider, studerer, og/eller søker jobb i Florø-området.

Havvind

Aksello i samarbeid med hub’en Fjord Base gjennomførte eit prosjekt som kartla aktørbiletet for leveransar innan havvind og såg på kvar i verdikjedene vår region kan utvikla bærekreftige og grøne forretningsmodellar.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet