Skip to content Skip to footer

FloraU40

FloraU40 – Di bedrift kan bidra til å fremje tilflytting og hindre fråflytting frå Florø og omland!

Har di bedrift utfordringar med rekruttering av ung arbeidskraft og kompetanse? Då er du ikkje åleine. Det handlar ikkje om at di bedrift ikkje kan tilby spanande utfordringar eller gode kantineløysingar. Utfordring med rekruttering heng saman med utfordringar for området i seg sjølv knytta til å tiltrekke seg nytilflyttarar. Vi refererer til det populære utsagnet til Costas Markides, professor ved London Business School som var tilstades på Temposeminaret i fjor: “Det er ikkje nok med attraktive arbeidsplassar, staden må vere attraktiv for å tiltrekke ny arbeidskraft og behalde eksisterande!” Dette utsagnet har fleire gonger vore nevnt sidan Temposeminaret 2022, og FloraU40 er eit tiltak for å kunne etterleve dette utsagnet om rekruttering og bulyst.

Basert på ein workshop på Vesle Kinn 9. mai i år, bestemte vi oss for å satse på FloraU40. Over 70 deltok på workshopen og ytra sine meiningar om trivsel i området, og kom med forslag til korleis det kan bli betre. Svaret var tydeleg: Ja, til eit sosialt og fagleg nettverk som FloraU40!

Bilde1
Bilde3
Bilde2

Styrka livskvalitet

Sparebanken Sogn og Fjordane heiv seg rundt og ville støtte prosjektet i tidleg fase. 100.000 kroner i gåvemidlar gav oss økonomisk grunnlag til å satse – Næringslivet treng eit slikt nettverk og vi trur at FloraU40 er svaret. Trivsel har mykje å seie for kvar vi vel å etablere oss. Menneske har behov for å vere sosiale, og vi treng å bli sett, lytta til og ha moglegheit til å engasjere oss i aktivitetar og anna verdiskaping. Allereie ved første arrangement i FloraU40 regi såg vi tydeleg at eit slikt nettverket er etterspurt av målgruppa. Heile 40 personar møtte opp på grilling og volleyball på Sørstrand i regi av FloraU40, sjølv om det var meldt regn.

Supersild, sterksild og søtsild – ikkje vér ein sursild

FloraU40 har til no fått flotte sponsorar med på laget, alt i frå Supersildsponsor til Søtsildsponsorar. Og dette setter vi så umåteleg stor pris på. Det er sponsorane som er avgjerande for at vi skal kunne drive nettverket på ein attraktiv og god måte og lykkast med integrering, mangfold og eit trygt og flott nettverk for alle U40 i Florø og omland. Vi treng fleire sponsorar frå næringslivet for å kunne nå måla for FloraU40, og vi har lagt til rette for at du kan delta med ein eingongssum, eller bidra som sponsor der di bedrift får ekstra nytte av nettverket.

Evoy, Enivest, Flora industri- og næringsforening, Norblikk, Fjord1 og Vookal er blant våre viktige støttespelarane som ser verdien i nettverket. Vi håpar du også blir med i dette flotte nettverket.

Vér med og støtt FloraU40; bidra til betre trivsel for dei under 40 år og bidra til å redusere fråflyttinga!

Ta kontakt med Alexandria om du ynskjer å vere sponsor til Flora U40 



Alexandria Følsvik

Flora U40 koordinator

tlf: 94 79 03 09 alexandria@aksello.no

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet