Malawi-prosjektet: Elevane Ingeborg Vik og Johanne Grønnevik presenterte Malawi-prosjektet til Flora vgs. 

 

Det var mange som fekk ein god start på torsdagen sin på Frukostsamlinga vår i dag der den raude tråden var å skape noko saman som er større enn oss sjølv. Innlegga frå  Malawi-prosjektet v/Flora vgs. og Sogn og Fjordane Næringsråd v/ Leon Bakkebø handla nemleg om kva ein kan få til i lag.

Malawi-prosjektet v/ Johanne Grønnevik, Ingeborg Vik og Knut Clausen frå Flora vgs.

Elevane Johanne Grønnevik og Ingeborg Vik frå Flora vgs. var på frukostsamlinga saman med rektor Knut Clausen for å fortelje om engasjementet deira i Nkhotakota District i Malawi. Skulen har over lengre tid hatt eit prosjekt der som ein på mange måtar kan beskrive som eit nettverk og ei klynge, poengterte Clausen.

Malawi-prosjektet bind saman mange viktige aktørar for å skape moglegheiter, arbeidsplassar og eit betre liv for innbyggjarane i Nkhotakota. Dette gjer dei gjennom å fokusere på berekraftig yrkesopplæring, sosialt entreprenørskap og fornybar energi. Dei har mellom anna eit nært samarbeid med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) og Fredskorpset, og kan saman med dei vise til positive utviklingseffektar.

Fram til 2017 har 550 elevar utdanna seg innan yrkesfag i Nkhotakota gjennom prosjektet, og så langt er 70 personer i lønna arbeid. Gjennom initiativet Kumudzi Kuwale har dei også gitt strøm til tusenvis av hushaldningar i distriktet. Det gode arbeidet dei gjer vekker nasjonal interesse blant politikarar her heime og i Malawi, der prosjektet blir trekt fram som ein rollemodell for vellykka utviklingsarbeid.

Presentasjonen hausta velfortent og stor applaus blant dei frammøtte.

Sogn og Fjordane Næringsråd v/Leon Bakkebø

Leon Bakkebø frå det nyetablerte Sogn og Fjordane Næringsråd trekte parallellar mellom tenkemåten deira og Malawi-prosjektet for kor viktig det er å samle seg for å skape noko saman.

      Noko som er større enn oss sjølv, understreka han.

Dette er intensjonen til Sogn og Fjordane Næringsråd som ønsker å skape eit betre samarbeid mellom næringsaktørar på tvers i fylket. Bakkebø viste til Framtidsfylket si karrieremesse og sitt traineeprogram som sterke eksempel på kva ein kan få til når ein samlar næringslivet. Maritim Forening, som er ein samlande aktør for sine medlemsbedrifter, fekk også ros for sitt arbeid.  

Guleslettene Vindpark v/ Olav Rommetveit

Olav Rommetveit skulle ut i frå programmet vere med på dagens frukostsamling via videosamtale, men på grunn av tekniske problem måtte vi dessverre utsette presentasjonen hans til eit seinare høve, sannsynligvis neste frukostmøte, den 7. desember.

Ordet Fritt

Under ordet Fritt informerte inkubatorleiar Vanja Viken om eit tilbod Aksello har til etablerte bedrifter for å hjelpe dei å auke konkurransekrafta si. Aksello køyrde eit liknande program i fjor med gode resultat og gjentek det i år. Om bedrifta di har planar om utvikling av nye produkt, nye tenester og nye marknader, så kan du ta kontakt med Vanja for å høyre meir om tilbodet: vanja@viken.no / +47 41 57 03 06.  

Neste Frukostsamling

Neste, og siste frukostmøte for dette året, er torsdag den 7. desember. Vi håper å sjå deg der!

Her er mange som melder seg på i siste liten, så vi ber om at de er litt tidlegare ute med å melde dykk på slik at vi kan forsikre oss om at alle får frukost.

Meld deg på nyhendebrevet vårt ved å trykke på knappen under, og få invitasjon til neste frukostsamling rett i innboksen din.