Skip to content Skip to footer

Historia til selskapet

Selskapet Sunnfjord 2020 Prosjekt AS vart skipa i 2003. Dette blei gjort av Flora kommune, i regi av KF Hamn og Næring saman med Flora Industri og Næringsforening.

Våren 2004 vart selskapet Flora Næringshage AS skipa. Flora kommune fekk status som omstillingskommune frå 2004 og hausten 2004 vart det inngått samarbeidsavtale mellom Sunnfjord 2020 og Flora Næringshage. Begge selskapa var sentrale aktørar i omstillingsarbeidet i Flora kommune. Samarbeidet innebar mellom anna ein felles administrasjon og leiing av selskapa. Dette bidrog til at omstillingsarbeidet kunne gjerast på ein effektiv og målretta måte.

Flora Næringshage var frå 2007 etablert på 3 ulike stadar i Florø. I tillegg til at ein var etablert med kontor i Hestenesgata og i Strandgata i Florø sentrum var ein etablert med ein marin Næringshage på Trolleskjeret. I 2008 kjøpte Flora Næringshage aksjane i Sunnfjord 2020. Frå 2010 var all aktivitet i selskapa samla med felles kontor og adresse i Hestenesgata i Florø.

I 2010 søkte prosjektet Maritimt Senter om inkubatorprogrammet gjennom Siva, då kalla verftspakken. Dette resulterte i at det vart gjort ein emisjon der nye industrielle eigarar kom inn på eigarsida i selskapet. Etter emisjonen, ved utgangen av 2010 vart namnet endra til Fram Flora AS og selskapet administrerte verftspakken i form av ein industriinkubator i tillegg til å vere Flora Kommune sitt næringsapparat. Industriinkubatorprogrammet var avgrensa til perioden 2010-2015, og Fram Flora fungerte som lokal førstelinjeteneste og regional inkubator. I denne perioden flytta også selskapet inn i nye lokaler i Magnus Thingnesgate 1 i Florø.

I 2016 søkte Fram Flora om ny deltaking i Siva sitt inkubatorprogram. Samstundes har selskapet arbeidd mot nye strategiske løysingar for å kunne utvikle eit aktuelt næringsselskap med eit breiare samarbeid og større strategisk nedslagsfelt. Siva gav Fram Flora ny periode som generell inkubator gjennom det nasjonale inkubatorprogrammet hausten 2016. Den nye tilliten frå Siva, i tillegg til lokale og regionale endringar, førte til at styret og eigarar vedtok fleire strategiske grep årsskiftet 2016/2017. Eit av desse var at selskapet endra namn frå 1. mars 2017. Det nye namnet på selskapet er Aksello AS.

Aksello har sidan 2017 utvikla inkubatorprogrammet til å bli eit godt program for gründerar og etablerte bedrifter å utvikle sine idear og forretningsmessige innovasjonar. Gjennom nasjonale målingar har Aksello scora særs godt og har gjennom kundetilfredshets -undersøkingane fått gode tilbakemeldingar. I tillegg til fleire større og mindre prosjekt har Aksello også bidrege i arbeidet med kommunesamanslåinga i 2019/2020 der Flora kommune og Vågsøy Kommune vart Kinn kommune. Aksello leverer førstelinjeteneste innan næringsutvikling til Kinn kommune.

Frå 2020 har Aksello vore strategisk samarbeidspartnar for Vestland Fylkeskommune, og har eit godt samarbeid der målsettingar og strategiar for regional næringsutvikling utfyller kvarandre.

I 2022 gjekk dei nasjonale programma til Siva ut og alle aktørar måtte søke for å bli kvalifiserte programoperatørar for inkubatorprogrammet og næringshageprogrammet der Aksello vart kvalifisert for begge programma. I 10 års perioda frå 2023-2032 skal Aksello leia og utvikle dette programmet med mål om å legge til rette for nyetableringar og utvikling av eksisterande næringsliv.

Med stor merksemd på omstilling til berekraftige løysingar og eit aktivt og framoverlent næringsliv på kysten, er Aksello sitt mål om å vere ein føretrekt partnar for forretningsutvikling, prosjektleiing, gründerar, nettverk, kommunar og etablert næringsliv i region Fjordane, treffsikkert for framtida.

 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet