Skip to content Skip to footer

Offshore Northern Seas i Stavanger 2022

I 2020 satte Covid-19 ein stoppar for ONS festivalen, men endeleg i 2022 er både ONS-messa på Forus og festivalen i Vågen tilbake.Som vanleg er då Kinn kommune og Aksello klar for å legge til rette for ein spanande nettverksarena med god stemning i Florø-paviljongen i Vågen.

Florø-Paviljongen i Vågen er ein tradisjon som daterar seg tilbake til før ONS+ i Vågen var eit arrangement, då i form av at Atløy låg til kai i Vågen for godt over 20 år sidan.. Paviljongen vår er kjent for å vere ein paviljong med god atmosfære, og ikkje minst god mat.

Som tidlegare er Bistro To Kokkar med på laget og du kjem til å lukte den gode maten til Terje og Øystein på lang vegs avstand når du nærmar deg Vågen.

ONS i Stavanger har i mange år vore ein viktig møteplass for energibransjen nasjonalt og internasjonalt, og i år som tidlegare legg Florø paviljongen til rette for nettverking og servering av ein førsteklasses sjømatbuffet, god drikke og god stemning utover kvelden.

Vågen ligg til rette for det sosiale og ein avbrekk for travle standdagar på messa, så vi skal passe på at det blir eit kjekt innahald som passar for deg og dine samarbeidspartar kvar kveld.

Ta kontakt om du ynskjer ein kuvert enten måndag 29, tysdag 30 eller onsdag 31 august. (Anbefaler å ta tidleg kontakt då nokon av våre bordserveringar er allereie utselt.)

I år har vi til og med fått med oss Florø kunstar Ragnhild Brandsøy som skal ha utstilling hos oss, der du vil få høve å kjøpe med deg eit print eller to.

Andrea Bjørkaas

Andrea Bjørkaas

Prosjektleiar - Strategi & samarbeid

Spørsmål eller anna knytt til ONS?

Program i Florø-Paviljongen

Måndag, 29. august

Kl. 18:00

Leif Stavøystand, Evoy. Held ein «ted talk»  -«What will be electric boating’s “Man-on-Mars” moment  and how do we get there?”

Du vil få moglegheit til å vinne tur med verdens raskast El-båt Evoy 2.

Leif har og gjort ein «call out» til Elon Musk om å ta ein tur med «the worlds fastest electrical speed boat»  Så kven veit, kanskje vi får besøk av sjølvaste Elon Musk denne kvelden.

Kl. 20:00

 Debatt Måndag- «Energi kampen»

Det vil vere ein debatt innanfor energi.

Debatt deltakarar er

Tysdag, 30. august

Kl.18:00

Debatt Tysdag – «Energi kampen»
Ein debatt med det lokale næringslivet.

Kl. 20:00

Leif Stavøystand, Evoy. Held ein «ted talk» -«What will be electric boating’s “Man-on-Mars” moment and how do we get there?”

Du vil få moglegheit til å vinne tur med verdens raskast El-båt Evoy 2.

Onsdag 31 August

Kl. 18:00 og 20:00

Fjord Base Holding AS – Verdenslansering av «Saga Connect»: Saga Connect is where smart collaboration happens. It is planning and information sharing across companies, and will cut emissions and costs.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet