Skip to content Skip to footer

Prosjektleiar - Strategi & samarbeid

Andrea Bjørkaas

Andrea begynte å jobbe i Aksello i april 2022. Tidlegare har ho jobba i eit engasjement hos Florø Hamn som prosjektleiar for utlysinga av den nye kollektivterminalen på Fugleskjærkaia. Ho har frå tidlegare ei lenger internasjonal arbeidserfaring innan prosjekt, der ho mellom anna har jobba for Amerikansk kjemikalie industri, tysk bilindustri. I tillegg til erfaring frå Norge innan FoU i oppdrett og offentlege prosjekt og  anskaffing.   

Andrea begynte i Aksello i stillinga som innovasjons rådgivar deretter seniorrådgjevar, men har i etterkant gått over til stillinga som Prosjektleiar – Strategi & samarbeid, der jobbar ho med fokus på å sikre grobunn for berekraftig næringsutvikling samt å legge til rette for utvikling i etablert næringsliv. 

Andrea har si utdanning frå Storbritannia kor ho studerte ein Bachelor i Business and Management (1st class honours degree) og ein Master of Science Project Management (Distinction) frå University of Sunderland. Andrea er og ein sertifisert S-E-A-M rådgivar med vidareutdanning innan berekraftig entreprenørskap frå universitet i Søraust-Noreg. 

Kvifor Aksello:

Eg er vestlending og florøværing, dessutan oppteken av at vi skal få skapt nye arbeidsplassar og eg liker arbeid der eg kan vere med å bidra å skape noko. Det at eg får jobbe med folk som ønskjer å lukkast i næringslivet, skape ny grøn vekst, er noko eg oppteken av. Når eg går ut av arbeidslivet vil eg gjerne kunne sjå tilbake på at eg var med på og skape noko som var bra, og det føler eg at eg får til ved å vere ein del av Aksello. Som ein person med stort engasjement, kompetanse og kapasitet ynskjer eg bruke det til å bidra til å utvikle vår region. Det å få arbeide ilag med ekstremt kompetente kollegar der vi alle jobbar mot same mål er fantastisk motiverande.   

Om

98907309

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet