Skip to content Skip to footer

Fantastiske resultat frå kundetilfredsheitsundersøking

Fantastiske resultat frå SIVA si kundetilfredsheitsundersøking 2021 – Aksello sin inkubator

SIVA gjennomfører fortløpande kundetilfredsheitsundersøking blant selskapa som deltek i alle inkubatorane i Norge. Aksello er særs nøgd med at våre inkubatorbedrifter gjev så gode tilbakemeldingar på tenestene vi leverer. Og ikkje minst at SIVA sin kundetilfredshetsundersøking for 2021 syner resultat som ligg langt over landsgjennomsnittet.

Kvart år målar Siva inkubatorane sine for å sikre at vi alle utviklar
oss og tilbyr den beste tenesta. Aksello fekk resultatet av denne målinga
samanlikna med nasjonale gjennomsnittet og er særs glad for å sjå at vi scorar
høgare enn gjennomsnittet på samtlege områder! Dette er ein forbetring frå 2020 når det var nokon området som var likt eller litt under det nasjonale snittet. 

Aksello er stolte av å vere programoperatør for Siva sitt nasjonale inkubatorprogram. Med ein visjon om «å skape morgondagens konkurransedyktige bedrifter», bidreg …

Aksello er stolte av å vere programoperatør for Siva sitt nasjonale inkubatorprogram. Med ein visjon om «å skape morgondagens konkurransedyktige bedrifter», bidreg Siva med tilskot, kompetanse, verktøy og eit nasjonalt nettverk til 34 inkubatorar i Noreg.

Vi er i kontinuerlege dialog med SIVA og sett pris på oppfølginga og gode råd som vi får av dei. Dette resultatet hadde ikkje vert mogleg utan våre dyktige rådgjevarar, og vi ynskjer å uttrykke vår takknemlegheit til dei for det gode arbeidet som dei utførar.

Vi i Aksello arbeider hardt for å tilpasse, utvikle og levere dei beste tenestene
til nystarta gründerar og etablert næringsliv. Kontinuerleg arbeid med å finne ut kva behov bedriftene og gründerane har i høve kor dei er i utviklinga av forretningsideen trur vi er avgjerande. Og ikkje minst at vi utviklar oss og legg til rette utifrå det behovet bedriftene har. I tillegg aukar vi heile vegen kunnskap og
kompetanse på dei områda vi må vere gode på i tilbakemeldingane og rådgjevinga vi gjev våre bedrifter

Tidene endrar seg fort og det er viktig for oss at næringslivet i vår region har eit innovativt miljø kor ein får kvalitet i forretningsutviklingsløpet, tilpassa rådgjeving og høg kvalitet på tenestene for å utvikle framtidas næringsliv. Vi tilbyr rådgjeving, kontorplass, finansiering, eit fagleg miljø og nettverk der
bedriftene blir kopla saman med investorar, akademia, FoU miljø og andre
bedrifter.

Sist men absolutt ikkje minst, ynskjer vi å takke alle våre inkubatorbedrifter for deira gode innsats for at vi saman skal nå målsettinga om å skape og sikre berekraftige arbeidsplassar gjennom bedriftsetableringar og styrking av eksisterande næringsliv. Vi er så fornøgde med det gode resultatet frå
kundetilfredsheitsundersøking,en som alltid skal vi stå på,  forbetre oss og jobbe hardt  for å nå beste praksis!

Her kan du lese meir om nasjonale inkubasjonsprogrammet.

Kan inkubatorprogrammet vere noko for deg? Ta kontakt 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet