Skip to content Skip to footer

Aksello-drahjelp til medisinsk utstyr

Jordmor Kjersti Grinde har utvikla eit nytt medisinsk skrin for handtering av allergisk sjokk. Helse Førde tek det nye skrinet i full bruk på alle sine sjukehus i haust. Saman med anestesioverlege Gregers Halvorsen har Kjersti Grinde starta Emendakit AS, som skal selje løysinga til andre brukarar. Dei har fått viktig starthjelp frå Aksello.
Jordmor og fagutviklar

Kjersti Grinde arbeider i full stilling som jordmor ved kvinneklinikken ved sentralsjukehuset i Førde. 50 % av stillinga hennar er å jobbe med fagutvikling. Tidlegare har ho mellom anna vore faglærar ved Høgskulen på Vestlandet.

Idéen til det som er blitt selskapet Emendakit fekk Kjerti Grinde i 2019. Då opplevde ho at ein pasient fekk allergisjokk, eller anafylaktisk sjokk, som det heiter i medisinsk fagspråk. Dette kan vere ein sjokkreaksjon på eit medikament eller på ei matvare. Ein nytilsett medarbeidar skulle hente eit anafylaksi-skrin som avdelinga hadde til bruk i slike situasjonar. Skrinet var vanskeleg å finne, gammalt, uoversiktleg og dårleg kvalitetssikra.

Slik kan vi ikkje ha det, tenkte Kjersti Grinde. Dette gav dårleg allergiberedskap og pasienttryggleik. I tillegg gjorde det arbeidsdagen meir komplisert for helsepersonell. Ho tok sjølv initiativet til å skaffe nye anafylaksi-skrin til kvinneklinikken i Førde. Då synte det seg at det ikkje fanst den typen skrin som klinikken ønskte i marknaden.  

120 skrin i Helse Førde

Kjersti Grinde forstod at alle avdelingar i Helse Førde hadde den same utfordringa. Ho tok kontakt med verktøykasseprodusenten Fosen Tools AS i Trøndelag. Ho designa og dei laga eit nytt skrin. Etter at versjon 2 var laga innsåg Kjersti Grinde at dei andre avdelingane i Helse Førde også hadde behov for nye anafylaksi-skrin. Ho tok kontakt med fagavdelinga og innovasjonsavdelinga i helseføretaket og vart i 2020 leiar for prosjektet «Nye anafylaksiskrin til Helse Førde» Ho danna ei ressursgruppe som i 2021 hadde utarbeidd versjon 4 av skrinet.

I det nye anafylaksi-skrinet har tinga sine eigne rom, og alt er godt merka. På baksida av skrinet er det eit flytskjema som fortel korleis ein skal handle om ein person får eit allergisjokk. Skjemaet har også ein QR-kode, og via den kjem ein til ein video som syner korleis ein handterer og behandlar ein slik tilstand.

Helse Førde har no kjøpt inn totalt 120 nye anafylaksi-skrin frå Fosen Tools til sjukehusa både i Førde, på Nordfjordeid og i Lærdal. Kjersti Grinde er prosjektansvarleg for innføring av skrina ved dei tre sjukehusa. Prosjektet vil vere fullført i haust.

Emendakit og Aksello

I 2021 fekk Kjersti Grinde alle rettane til det nye anafylaksi-skrinet. I desember 2022 starta ho selskapet Emendakit AS saman med anestesioverlege Gregers Halvorsen. Selskapet har no rettane til skrinet og til vidaresal av det.

-Vi ser at det er behov for allergiberedskap ved både legekontor, sjukeheimar, helsestasjonar og tannlegar, i sjøfarten, i luftfarten og alle andre stader. Dei skal alle ha medikament og utstyr til bruk ved allergisjokk. Vi har sett mange dårlege og sjølvlaga løysingar på dette. Emendakit tilbyr eit kvalitetssikra system og løysingar som tryggar og lettar arbeidsdagen til dei tilsette, seier Kjersti Grinde.

Aksello tok opp Emendakit AS i inkubatorprogrammet sitt i 2022. ̵ Vi hadde ikkje vore der vi er i dag utan Aksello. Gregers Halvorsen og eg sit med fagkunnskap og lang erfaring på dette området, og vi har eit produkt som vi ser at det er behov for. I tillegg har vi eit tett samarbeid med ei etablert bedrift som Fosen Tools, som ønsker å etablere seg innan helse. Dei tek seg av produksjon, lagring og levering. Men vi i Emendakit mangla kunnskap om å starte ei bedrift. Der er Aksello veldig viktig, fortel Kjersti Grinde

̵ Det var ein lang prosess å bestemme seg for å gå for ei eiga bedrift. Men eg tenkte at produktet var så bra at eg ville gjere noko meir med det. Største utfordringa var å få tid til dette, sidan eg jobbar fullt som jordmor og i tillegg pendlar mellom Florø og Førde. Men som jordmor er eg veldig van med å vere handlekraftig og ha mange ballar i lufta på ein gang. Aksello kan gje råd og rettleiing når det gjeld investorar, lover og regelverk og marknadsmuligheiter. Eg har lært at det er viktig å skunde seg sakte og bygge stein på stein. Mykje endrar seg undervegs i prosessen, fortel Kjersti Grinde.

Emendakit AS ønsker å utvikle fleire nye og gode løysingar for oppbevaring av medisinar og medisinsk utstyr. Firmanamnet er sett saman av ordet Emenda, som tyder ordne eller systematisere på norrønt, og ordet Kit for boks, eske og liknande.

Tekst: Magnus Helge Torvanger.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet