Skip to content Skip to footer

200.000 Kroner i gåvemidlar frå Sparebanken Vest  

200.000 kroner i gåvemidlar frå Sparbanken Vest til FloraU40 

FloraU40 arrangerte sitt første arrangement på Sørstrand Folkepark innan fellesferien. Det var over 50 som var interesserte i arrangementet på Facebook, men med tanke på vêret hadde vi ikkje dei største forventningane på antall som skulle møte opp. Då omtrent 40 unge og engasjerte dukka opp på Sørstrand, vil vi absolutt seie at vårt første lavterskel-arrangement var ein suksess! Behovet for ein møteplass på denne måten er tilstades, og det er så hyggeleg å sjå at fleire enn målgruppa meinar det same.  

Prosjektmidlar frå Sparebanken Vest

Tysdag 27. juni blei vi invitert inn i Sparebanken Vest sine lokaler i Florø. Vi visste at vi hadde fått den gleda av å bli tildelt midlar, men vi visste ikkje kor mykje det var snakk om. Vi venta i spenning på vår tur, og då sjef for privatmarknad, Jørgen Follevåg Mjelleli, snudde sjekken på 200.000 kroner kan du tenke deg kva for reaksjon vår prosjektkoordinator for FloraU40 hadde!  

Eg er så glad og overvelda over å få tildelt gåvemidlar frå Sparebanken Vest! Det er veldig kjekt at fleire og fleire ser verdien av FloraU40, og vi gler oss over støtta vi får i forbinding med arbeidet
Alexandria Følsvik
Prosjektkoordinator for FloraU40

Jørgen Follevåg Mjelleli er glad for at det finnast mange gode prosjekt dei kan få vere med på å støtte. 

I år hadde vi fått mange søknadar, og vi måtte fordele midlane så godt vi kunne slik at dei treff eit breidt mangfald: Idrett, kultur, barn og unge er viktige områder. Kampen mot utanforskap og arrangement som har lav terskel for deltaking er særs viktig både i by og bygd, derfor er tiltak som FloraU40 naudsynt. Denne arenaen er med på å skape nettverk og sosiale haldepunkt, samt deling av kompetanse. Det er kjekt for dei som allereie bur i Florø og omland, men også viktig for heim/tilflyttarar som gjerne ikkje har eit nettverk i området.
Jørgen Mjelleli
Banksjef Sparebanken Vest

Synergieffektar regionalt

For prosjektet FloraU40 er desse gåvemidlane eit viktig og naudsynt for at vi skal kunne sparke i gang prosjektet, og for at vi skal kunne få det naudsynte fundamentet som bidrar til vidare framdrift. Vi er utruleg takksame for dei flotte 200.000 kronene vi fekk innvilga frå Sparebanken Vest, og vi gler oss til å kunne nytte dei i prosjektet.  

“Dersom FloraU40 klarar å skape gode synergiar i lag med SunnfjordU40 og SognU40, er eg heilt sikkert på at dette er eit skikkeleg løft for dei unge og nyetablerte i heile regionen!” avsluttar Mjelleli.

Heng med oss

Lyst å henge med oss? HER kan du vere ein del av nettverket. 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet