Skip to content Skip to footer

Arne Olsen satte personleg rekord: Sju år samanhengande på same plass!

Etter fleire år med backpacking, interrail og seiling i Asia, Europa og Karibien, og ikkje minst fleire år i FN og UD, sitt Arne med mykje internasjonal erfaring, både kulturelt og næringslivsmessig. No har siviløkonomen vore i Aksello i sju år samanhengande. 

– Sju år er ganske lenge å vere i èi stilling til meg å vere, samanhengande! Eg var jo i INC i åtte år totalt, men det var først i fire år, deretter tre år i Afrika, og så tilbake til INC i fire år til. Dette er faktisk ny personleg rekord! 

– Eg har ikkje heilt fått den store kjensla over at eg skal slutte endå, for vi er einige i Aksello om at dei kan nytte meg som ekstern rådgjevar. Det er fint at eg framleis kan vere med i miljøet, følge med på kva som skjer og hjelpe dei bedriftene som har behov for det, seier Arne. 

Kva er årsaken til at du har vore så lenge i Aksello? 

– Kona mi er frå Florø, og etter nokon år med å bu både i Oslo, Bergen og Afrika, blei vi samde om at det var Florø som var den beste plassen å slå seg til ro på, der ungane kunne vekse opp. 

Arne hadde akkurat komt heim frå fire år i Ghana då han på romjulsquiz på Kysten i 2014 blei headhunta inn i ei stilling i Aksello. 

– Gustav Johan Nydal kom bort til meg og spurte kva mine planar var framover. Eg jobba på denne tida i UD og i Norad, og hadde pendla Florø-Oslo dei siste seks månadane. Eg var litt lei av å pendle og sa til Gustav at han måtte gi beskjed dersom noko dukka opp i Florø. Etter dette blei eg invitert til ein samtale med Lone. På denne tida jobba dei med eit prosjekt saman med Statoil, som er Equinor i dag, den tida si Flora kommune og Hub for Ocean. Her trengte dei folk, og eg passa inn med mi erfaring og bakgrunn frå oljebransjen.

Arne-Olsen-Aksello-kronprinsparet
Arne Olsen med Kronprinsparet som var på besøk i Ghana.

Sidan 2014 har Arne vore prosjektleiar for mange gode prosjekt. 

Er det nokon prosjekt du er særleg stolt av? 

Hyllestadprosjektet, som eg var prosjektleiar for, og som nettopp er ferdig, er eit vellukka prosjekt. Hyllestadprosjektet hadde ei stor fallhøgde, men det gjekk meget bra. Dei eg jobba saman med, inklusive ordføraren, sa at det blei gjort ein veldig god jobb frå mi side, og det er veldig hyggeleg å høyre, seier Arne audmjukt. 

– Men det er ikkje alltid at eit prosjekt vert vellukka. Dette kan det vere fleire årsaker til, uavhengig om menneska er dyktige, det er både eksterne og interne faktorar som påverkar. Mellom anna hadde vi eit prosjekt om å skape industripark på Westcon. Dette var også eit flott prosjekt med gode samarbeidspartnarar, eg var prosjektleiar, men vi klarte dessverre ikkje å fullføre det, av ulike grunnar. Det var dumt, men eg er likevel stolt av arbeidet som blei gjort, held han fram. 

Dagleg leiar Lone Bareksten fortel om fleire vellukka prosjekt som Arne har leia.

– Det er mange å velje mellom, men om eg skal trekke fram èin av dei siste gode leveransane til Arne, er det Batterifabrikk prosjektet som vi leverte til Kinn kommune i januar i år. Her såg Arne raskt moglegheitene, og på kort tid fekk han samla dei viktige lokale næringsaktørane og samarbeidspartane som skulle til for å levere eit prospekt og resultat som vart utruleg godt teke i mot, seier ho.

Det er Arne som har hatt ansvaret for Frukostmøta våra dei fem siste åra. Her har han gjort ein strålande jobb! 

– Frukostmøta er eg også stolt av. Seinast i dag fekk eg tilbakemelding på at innhaldet var veldig bra, og det er flott å høyre. Det er ein interessant jobb å ha kontakt med potensielle presentasjonshaldarar – her må ein kjenne til kva som rører seg i regionen, og ein må finne ein raud tråd for innhaldet. Då er det viktig med erfaring og kunnskap i område og omegn. 

Han fortel om mange inkubatorbedrifter dei er stolte av å ha hjelpe med i oppstart, og trekker fram Leif Stavøstrand og Evoy. 

– Vi håpar og trur at det var viktig for Leif å få drahjelp frå Aksello då han kom til oss i byrjinga. Leif var jo veldig sjølvgåande, men dei første åra trur eg Aksello var ein viktig brikke for Evoy vidare. 

Ein god kollega og mentor

Lone synast det er vemodigt at Arne ikkje skal vere tilstades kvar dag.

arne-olsen-lone-aksello
Arne får blomster av Aksello på hans siste Frukostmøte 2. des

– Etter sju kjekke år i lag i Aksello er det litt rart at Arne ikkje skal vere med i Aksello-gjengen lenger. Han har vore ein fantastisk ressurs og ein utruleg fin kollega. Med all si erfaring og kunnskap har Arne vore min mentor på mange områder, og ei god støtte både for meg og kollegaene i Aksello. Arne har ein eigenskap til å sjå moglegheiter i dei fleste situasjonar og er ein positiv og optimistisk fin fyr. Prosjekta som Arne har leia har vore veldig kjekt å vere involvert i, han leia dei med stødig hand og får med seg kvar minste detalj som er viktig for å få god effekt og eit godt resultat, seier Lone.

– Så heldigvis, sjølv om det no kjennes litt rart og skulle sleppe Arne ut av Aksello-gjengen, har eg ei avtale om og få nytte han som rådgjevar og prosjektleiar også i framtida, men då som innleigd, avsluttar ho. 

Framtidsplanar

Planane vidare er ikkje heilt klare endå, men han nevner at det blir å jobbe halvparten av tida.

– Kona får vel rett når ho seier at eg kjem til å jobbe mykje meir enn eg nokon gong har gjort! Ler han. 

– Elles likar eg å spele golf. Eg må jo få golfhandikappet mitt ned på single digit, altså under 10, det er kanskje den viktigaste målsettinga! Seier han og ler.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet