Skip to content Skip to footer

Bli kjend med Mikael Johansen, Kari Bjørbæk og Ola Teigen

Mikael Johansen, Multi Maritime

Mikael Johansen - Aksello.no
Mikael Johansen

Vår nye styreleiar, Mikael Johansen, er CEO i Multi Maritime. Han har mange års erfaring innan leiing i større selskap, og tek derfor med seg mykje nyttig bidrag inn i styret. Vi har vore så heldig å ha med oss Mikael over ei lang periode i Aksello som styremedlem, og vi set stor pris på at Mikael i år gjekk inn som styrets leiar. Mikael bidreg mellom anna med nettverk og kompetanse frå næringslivet. 

– Eg har vore involvert i det lokale næringslivet i mange år, med erfaring som leiar i Westcon, og no Multi Maritime. Eg jobbar mykje med det lokale næringslivet, og elles i Norge og verda, fortel Mikael Johansen. 

 – Det er veldig kjekt å få vere med og hjelpe gründerane og etablerte selskap til å utvikle både idèar og bedrifter. Eg er ein lokal patriot, og eg ynskjer at vi skal ha eit blomstrande næringsliv. Det er viktig å få nye forretningsmoglegheiter og nye prosjekt på beina. Dette er den største motivasjonen for meg og mitt bidrag inn i styret, avsluttar han.

Kari Bjørbæk, Equinor

Kari Bjørbæk er ansvarleg for Equinor sin aktivitet i Florø, der ho inntar ein rolle som forsyningsleiar og plassjef for å ivareta lokasjon på vegne av alle dei 43 Equinor-ansatte på basen i Florø. Hennar karrierebakgrunn har bestått av hovudoppgåver på både operasjonelt, taktisk og strategisk nivå – med ansvar som prosjektleiar innan forbedringsarbeid og innan organisasjonsleiing. 

Kari-Bjørbæk-Equinor-Florø-Aksello
Kari Bjørbæk

– Eg har ein bachelorgrad i logistikk, transport og distribusjon frå Høyskolen i Molde samt ein mastergrad frå Westminister University i London. Etter endt studie byrja eg karriera mi i Equinor, der eg har hatt mange spanande og utfordrande oppgåver, fortel Bjørbæk.- Av erfaring innan styrearbeid er frå Evoy, som er eitt av dei spanande selskapa som Aksello har bistått på vegen. I tillegg er eg styremedlem i Hub for Ocean, ein spanande arena der det dei fokuserar på å styrke leverandørindustrien mot ein meir fornybar- og framtidsretta industri, med særskilt fokus på havrommet, held ho fram. 

Equinor er eit selskap med store ambisjonar; der dei har ein ambisjon om å bli eit klimanøytralt selskap innan år 2050. 

– Som leiar ønsker eg å vere med å gjere ein forskjell i ein bransje som er viktig for Norge i den krevjande omstillingsfasen som verda står i i dag. For å lukkast med dette er det naudsynt med nye og gode idèar og løysingar, der eit innovativt næringsliv- og inkubatorselskap som Aksello, kan bidra til meir robuste innovasjonssystem for gründerane, men også bidra til å styrke næringslivet regionalt. Dette ser eg på som ei spanande oppgåve og er derfor min motivasjon for styreverv, avsluttar Bjørbæk.

Ola Teigen, Ordførar Kinn kommune

Ola Teigen

Gjennom kommunen sitt eigarskap i Aksello, er det nedfelt i vedtektene til selskapet at Ordførar til ei kvar tid er representert i styret. Ola Teigen er med som styremedlem og bidrar med eit sterkt nettverk i kommunen, næringslivet her samt Fylkeskommunen.

– Eg kjenner kommunen min godt og næringslivet her. Eg treffer aktørane i mange samanhengar og har god oversikt over næringsutviklinga her. Samtidig har eg eit godt nettverk i Fylkeskommunen, som er ein tett samarbeidspartnar for Aksello. Dette er nyttig å ha med seg inn i styret. Som Ordførar i Kinn kommune har eg god politisk teft, der eg forstår kva som skjer på riksplan på Stortinget, der eg også har nettverk. I tillegg samarbeider vi med omkringliggande kommunar vi kjenner rimeleg godt, der eg har kollegaer som er nyttig for selskapet. Saman er vi sterkare og kan koble aktørane til kvarandre. Nettverk er vel den viktigaste eigenskapen eg tek med meg inn i styret.

– Som ordførar er eg med også fordi eg synast det er grådig spanande å drive med næringsutvikling og jobbe med vekstselskap. Kommunen sitt næringsapparat er også flytta til Aksello, derfor samarbeider vi tett om utvikling i næringslivet.

– Fordelane for meg å vere med i styret er at eg blir kjend med nye bedrifter. Eg får lære om knoppskyting, kapitalmiljø og ulike gründerutfordringar, samtidig som eg får kunnskap om utvikling av bedriftskonsept og regnskap. På eit personleg plan gir dette med eit ganske stort utbytte. I tillegg har vi opp gjennom tidene hatt mange styremedlem med ulike eigenskapar. Du lærer korleis ein samhandlar med andre og kan lære i fellesskap ved å jobbe på denne måten. Slik utviklar du deg sjølv også, avsluttar Teigen.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet