Skip to content Skip to footer

Opning av dei nye inkubatorlokala på Peak

Sidan vi flytta inn i nye lokaler i Peak-bygget i Strandgata i februar 2021, har vi, grunna ein global pandemi og restriksjonar ikkje kunne hatt ei offisiell opning. I mellomtida har vi fått innreda ein eigen del i 1. etasje her på Peak, særskilt tilrettelagt for eit innovativt og godt arbeidsmiljø for gründerar og bedrifter, tett på våre eigne rådgjevarar. Her er det meininga at kreativitet, problemløysing og gode idèar skal få rotfeste.

På sjølve opninga var vi så heldig å få vår eigen Stortingsrepresentant og medlem av næringskomiteen, Olve Grotle, som foretok den offisielle opninga. Og ikkje minst kunne vi overraske med ein heilt ny robotteknologi frå vår eigen inkubatorbedrift:, Retrams, i samarbeid med Omron.

omron-retrams-aksello-peak

Med eplesider på stettglas, kanapèar og sjokoladekake frå To Kokker, og ei god samling av flotte og dyktige menneske, hadde vi ei vellukka og utruleg artig opning! I blomsterbuketten av folk hadde vi både gründerar, engasjert næringsliv, kommunen og Stortingsrepresentant, journalistar, utviklarar av robotteknologi og våre eigarar.

omron-aksello

Sjølv om ikkje Olve Grotle fekk klippe sjølve snora, holdt han ein flott tale som gjorde oss både stolte, glade og audmjuke. Og Retrams imponerte med ein roboten som klipte snora, og som overrakte rose og holdt ei lita tale til vår dagleg leiar Lone!

-Eg synast det er utruleg kjekt å kome til Florø for å ha den første opninga utan ordførar-kjede. Det er veldig fint å sjå det miljøet som har vakse og grodd fram i miljøet til Aksello. Retrams er det selskapet vi har hatt mest fokus på, og det er utruleg imponerande kva roboten deira klarar å få til: Å identifisere utstyr før operasjonar! Dette er eit eksempel på ei bedrift som ikkje er etablert i dei store byane våra, som har suksess og som vi kjem til å høyre mykje meir i frå framover, fortel ein engasjert Olve Grotle til oss under eit intervju.olve-grotle-aksello-retrams

-Det er veldig moro å kunne jobbe med robot. Eg har programmert roboten til sine arbeidsoppgåver i høve opninga, og eg er veldig fornøgd! Vi traff på alt. Seier Per-Helge Frøiland, CTO i Retrams.

Vår eigen Vanja Viken er strålande fornøgd med å endeleg kunne samlat fysisk igjen.

 

-Dette vart veldig vellukka! Det er kjekt at Retrams får vise fram teknologien sin, og eg er så glad for å endeleg ha fått til inkubatorsamling! seier ei smilande og blid Vanja Viken.

-Opningsseremonien var veldig artig lagt opp. Dette ser meget løfterikt ut. Vi satsar endå meir i Florø, så det blir endå fleire arbeidsplassar, seier assisterande fylkessekretær Vestland Høgre, Ingvar Thorsvik Myrvollen.

 

 

Ei viktig oppgåve vi har i Aksello er å tilrettelegge for gode møteplassar. Vi gler oss til å underbygge det kreative miljøet på Peak!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet