Skip to content Skip to footer

Ordninga for lønskompensasjon er på plass

Lønskompensasjonsordninga er no tilgjengeleg, og du som arbeidsgjevar har eit par viktige pliktar å følgje opp.

NAV si lønnskompensasjonsordning skulle opprinneleg vere på plass i mai, men har blitt noko forsinka grunna mellom anna manglande automatiseringsfunksjonar.

No har NAV ei løysing på plass! Den utbetalar både refusjon til arbeidsgjevarar som har forskottert løn og lønskompensasjon til dei permitterte arbeidstakarane som ikkje har fått forskottert lønn.

Den nye løysinga inneber at den permitterte ikkje treng å søkje. NAV skal få informasjon frå arbeidsgjever om kven som skal ha lønskompensasjon og kor mye dei skal ha.
Som arbeidsgjevar har du følgjande pliktar:

  • Rapporter inn arbeidsforhold i A-meldinga. Då ordnar NAV automatisk saksbehandling og betalar ut lønskompensasjon til arbeidstakarar eller refusjon til arbeidsgjevar for forskottert løn.
  • Meld inn informasjon (fødselsnummer og berekna dagsløn) om dei permitterte i NAV si løysing. Om løn er forskotert, legg òg inn dato for siste dag med forskottert lønn

Gjer arbeidsgjevar dette riktig, får dei permitterte utbetalt kompensasjon frå NAV innan 2-3 dagar.

All informasjon ligg godt forklart her hos NAV.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet