Skip to content Skip to footer

BIO-midlar til iVest Consult AS

Bedriftsintern opplæring = Så enkelt og så kjekt!

I samband med koronaviruset har Vestland fylkeskommune lyst ut midlar til bedrifter som vart særleg råka av situasjonen. Midlane skal gå til såkalla bedriftsintern opplæring (BIO) for dei som har fått redusert aktiviteten kraftig som følgje av covid-19 og oljeprisfallet. Ein kan få innvilga inntil kr. 200 000,- (og noko meir om fleire selskap går saman om søknad).

Hilmar Eliasson, iVest Consult AS
Foto: Egil Aardal

Eit selskap som nytta seg av moglegheita, var ingeniør- og arkitektselskapet iVest Consult AS, saman med SALT Arkitekter AS i Florø og Aaland Arkitektkontor AS i Stryn. Dei starta raskt arbeidet med å definere framtidige behov for vekst og kompetanseheving, konkret kva kurs ein trengde samt korleis det skulle gjennomførast. Aksello bisto i søknadsprosessen for å spisse bodskapen og sørge for at alle kriteria vart møtt og tydeleggjort.

Og dermed fekk dei de kr. 250 000,- dei søkte om!

– Det var ei god belønning for ikkje altfor mye strev, seier Hilmar Eliasson, avdelingsleiar i iVest. Konsekvensane av covid-19 merka vi raskt. Samtidig klarte vi å sjå edrueleg på at dette òg kunne vere ein moglegheit. Så når BIO-midlane dukka opp, var vi snare med å få på plass ein søknad. Vi har lenge tenkt på kursing i LEAN-prosjektering, men det er slikt som ligg på vent i den travle kvardagen.

iVest laga ein detaljert og fyldig søknad med eit skikkeleg kostnadsoverslag som òg synte deira eigen innsats og finansiering. Deretter søkte dei om 250 000,-, der total kurskostnad er 492 000,-.  Bedrifta er av den klare oppfatning at denne kompetansehevinga vil gjere dei enda betre rusta til å møte morgondagens utfordringar.

– Aksello sin rådgjevar konkretiserte og bidro til å forsterke søknaden, det er vi veldig fornøgde med. BIO-midlane mogleggjorde eit viktig kunnskapsgrep. Det er ikkje så skremmande å skrive den søknaden berre ein kjem i gang og har nokon å sparre med. Vi oppfordrar andre lokale selskap om å gjere det same, det kan gi ein fantastisk bra gevinst, avsluttar Eliasson.

No er nye 12,8 millionar BIO-midlar lyst ut – les meir her: https://www.vestlandfylke.no/naringsutvikling/kompetanse-i-arbeidslivet/utlysing-av-bio-midlar/

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet