Skip to content Skip to footer

Bli med på Verkemiddeldagen i Førde 10. mars!

Saman med våre samarbeidspartnarar innan verkemiddelapparatet arrangerer vi Verkemiddeldagen på Campus Verftet Førde 10. mars kl. 11.30-15.00: Er di bedrift i ein utviklingsprosess eller har gode idéar til nytt eller forbetra produkt, teneste eller produksjonsprosess? SAVE THE DATE!

Du har sikkert høyrt om verkemiddelapparatet, men veit du korleis dei kan hjelpe deg som bedrift? Rebekka Fretheim i Sognefjorden Næringshage jobbar iherdig med å rekruttere bedrifter til Verkemiddeldagen i Førde 10. mars når vi slår på tråden til ho i dag. 

– Tanken bak arrangementet er å skape ein møteplass for bedrifter som sit med gode planar og gode idéar til å utvikle eit nytt eller forbetra produkt. Ikkje alle er heilt klar over kva vår oppgåve som verkemiddelapparat er, og eit slikt arrangement er også ein fin måte for oss å kommunisere ut kva vi jobbar med, fortel Rebekka. 

Rebekka-Sognefjorden-næringshage-verkemiddeldagen
Rebekka Fretheim, Sognefjorden Næringshage

Programmet på Verkemiddeldagen er retta mot etablert næringsliv, gjerne små- og mellomstore bedrifter, samt innan ulike bransjer som til dømes bygg- og anlegg, helse og reiseliv

– Bedriftene er dyktige og særs sjølvgåande, men vi ønsker å formidle at med vår hjelp kan dei gjerne kome i gang raskare og få endå meir rettleiing dei kanskje ikkje var klar over. Til dømes kan vi hjelpe med rådgjeving, kompetanse, utlysingar, og vi kan bidra i søknadsprosessar, seier ho. 

Spekteret av deltakarar på Verkemiddeldagen har eit spenn frå det regionale til det internasjonale, der du kan booke one-on-one møte med kompetansemeklar, Forskningsrådet eller Innovasjon Norge.

– Det er mange som forbinder forsking som noko komplisert. Forsking kan vere mykje, og det kan vera nyttig for bedriftene å kjenne til dei gode ordningane som legg til rette for at små- og mellomstore bedrifter kan kome i gong med forsking. Her kan ein få hjelp til å avklare behov for forsking og finne rett finansieringsmoglegheit og forskingspartnar, utan kostnad for bedrifta. Dette opnar også opp for ei viktig kopling til eit sterkt kompetansemiljø som bedriftene kan dra nytt av ved seinare høve. 

På lik linje med Kapitaldagen, er Verkemiddeldagen ein viktig arena for bedriftene å bygge nettverk. 

– Bedrifter vil vere tilstades for å dele sine erfaringar med oss – det er det aller beste! Stein-Asle Øvrebotn, CEO for Retrams, skal vere med denne dagen. Han er veldig flink til å formidle og ufarleggjere dette med å nytte seg av våre tenestar. Ein kan knytte gode kontakter gjennom eit slikt arrangement, og det er kjempebra. Bedriftene treng denne møteplassen for å danne eit nettverk, noko som ofte er den største verdien ved deltaking! Avsluttar Rebekka. 

Meld deg på her! 

Dette er Verkemiddeldagen:

Ved deltaking vil du blant anna kunne hente:

·      1:1 rådgjeving med kompetansemeklar, Forskningsrådet eller EU-rådgjevar

·      Informasjon om aktuelle utlysingar, regionale, nasjonale og internasjonale

·      Nettverk

Allereie i første møte vil ein sørgje for å kople dykkar prosjekt på rett ordning / kunnskapsmiljø. Delta for å høyre om ulike moglegheiter, få tips til korleis kome i gong og høyr frå andre verksemder i regionen som har lukkast med bruk av FoU i utviklinga av deira verksemd.

Vekst i Lag v. Sognefjorden Næringshage, Kunnskapsparken Vestland, Inviro og Stryn Næringshage arrangerar Verkemiddeldagen i samarbeid med Sunnfjord Utvikling, Aksello, Innovasjon Norge, Norges Forskningsråd og Vestland fylkeskommune v. FORREGION Vestland.

PROGRAM 11.30 – 15.00

11.30 Lunsj

12.00 Del 1
Velkomen og introduksjon til Vekst i Lag, Sunnfjord Utvikling og Aksello
FORREGION Vestland v. kompetansemeklarar Marie Stenbakk Knutsen / Frida Olsen Engedahl / Øyvind Heimset Larsen
Forskningsrådet v. Merete Lunde
13.00 Del 2
Horisont Europa v. EU-rådgjevar Ida Tidemann-Andersen (Vestlandsforsking)
Innovasjon Norge v. Jørgen Ulrik Berg
Verksemdene Norse Feedback og Intin deler sine erfaringar frå verkemiddelapparatet
14.00 Del 3
1-1 møter med kompetansemeklar, Forskningsrådet og Innovasjon Norge

Vel møtt!

Meld deg på her.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet