Skip to content Skip to footer

Samfunn og miljø spelar ei stor rolle for å lykkast med nye forretningsmodellar

Samfunn og miljø spelar ei stor rolle for å lykkast med nye forretningsmodellar

Inkubatorprogrammet vårt skal sørge for effektiv bedriftsutvikling, der vi bidrar til at bedriftene raskare kan auke vekst, verdiskaping og få styrka si overlevelsesevne som oppstartsbedrift eller ved utvikling av nye tenester eller produkt. Dette gjer vi gjennom å gi inkubatorbedriftene tilgang på dyktige rådgjevarar, forretningsutviklarar og investorar, eit kreativt sosialt og fagleg miljø, og ikkje minst gjennom å tilby kompetanseheving gjennom kurs og arrangement. I den forbindelse arrangerte vi denne veka ein workshop i eit særskilt strategiverktøy: Flourishing Business Model. 

Flourishing Business Model er eit strategiverktøy som bygger på Osterwalder sin tradisjonelle Business Model Canvas – ein canvas som fokuserer på bedrifta sin økonomi. For at vi raskare skal kunne nå klimamåla, er det viktig at bedriftene byrjar å tenke anleis på korleis deira forretningsaktivitetar påverkar ikkje berre deira økonomi på bunnlinja, men også korleis dei påverkar, samfunnet og miljøet, holistisk sett. Flourishing Business Model er eit strategiverktøy som hjelper bedriftene å tenke nøye gjennom kva for positive og negative ringverknadar dei setter i gang for samfunnet og miljøet.

Vi var så heldig å ha Claus Gladyszak med oss som kurshaldar. Gladyszak er berekraftsrådgjevar i Gladyszak Consulting, og har med seg 15 års erfaring som rådgjevar i Innovasjon Norge. Kurset var effektivt, lærerikt og veldig kjekt.

Asle Jonny Førde, gründer og dagleg leiar i Ytir, oppstartsbedrift som utviklar digitalt verktøy av å følge opp sjukefråvær, var meget nøgd med kurset:

“Det var eit godt opplegg, og lærerikt verktøy å lære seg. Ved å jobbe ut i frå FBM kunne ein få andre perspektiv. Økonomien er sjølvsagt viktig, men etter dette kurset får vi eit betre strategisk utgangspunkt i berekraft, og ein får synleggjort det på ein betre måte med denne modellen.” seier Førde. 

I tillegg til å lære å anvende eit nytt strategiverktøy synast Førde at det er verdifullt å møte dei andre inkubatorbedriftene og få dei gode diskusjonane med dei:

“Vi har jo ulike utgangspunkt, perspektiv og produkt og ser det derfor på ulike måtar. Det var verdifullt å få innspel frå dei som ikkje kjenner produktet like godt!” avsluttar han. 

Treng di bedrift tips eller råd om strategiske verktøy? Ta kontakt med oss.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet