Skip to content Skip to footer

Vi må styrke Florø og omegn som bu- og opplevingsstad!

Vakre Florø og omegn har alle forutsetningane for at dette skal vere verdas beste plass å bu i – det er berre ikkje alle som veit det endå. Det må vi gjere noko med.  

I den samanheng leiar vi prosjektet FlorøU40, som er eit ungt nettverk som bidrar til å gjere Florø og omegn endå meir attraktivt og skape bulyst, fremme tilflytting og tilbakeflytting.

Målgruppa er alle som arbeider og bur i Florø og omegn under 40 år.

Inviterar til workshop på Vesle Kinn

No får du moglegheita til å bidra til å bygge dette nettverket ved å seie di meining og kome med innspel. Det er no det gjeld. Vi er opptatt av å vite kva du tenkjer er den beste måten å bygge nettverket på. Dette vil vi høyre meir om ved å invitere deg til ein workshop der du kan få uttrykke dine ønsker.

Workshop blir heldt 9. maiVesle Kinn kl. 18.00-20.00, og vi ønsker at så mange som mogleg frå målgruppa kan stille. 

Samarbeid er nøkkelen

Florø og omegn er eit knutepunkt for attraktive bedrifter med spanande stillingar og karrieremoglegheiter, og vi trur at eit nettverk for arbeidstakarar under 40 år vil bidra til å synleggjere og styrke denne posisjonen. Eit viktig tiltak for å få dette til er ein bukett med engasjerte unge og lovande med lidenskap for området. Denne buketten har vi samla. Og det var ikkje vanskeleg. Buketten av bedrifter består av Sparebanken Sogn og Fjordane, Hub for Ocean, Linja, Norwell, Kinn kommune, Kurs KF, Bravo Seafood, PwC og Fjord Base. Dette er ressursgruppa som skal bidra til planlegging, gjennomføring og deltaking på arrangement knytta til FlorøU40. Samstudent sponsar Vesle Kinn lokalet for workshop. 

Formålet med dette nettverket er å fremje trivsel og attraktivitet for området som bu- og arbeidsstad samt hindre utanforskap.

Vi ser fram til det vidare arbeidet med å bygge dette nettverket og tilhøyrande arena. Vi inviterer gjerne fleire bedrifter i offentleg og privat næringsliv til å bidra utanfor ressursgruppa – dette ville vi sett stor pris på.

Ta kontakt med oss dersom di bedrift ønsker å bidra.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet