Skip to content Skip to footer

Kurs: rekrutteringstrategi og employer branding

Framtidsfylket, Hub for Ocean og Aksello inviterer til kurs i rekrutteringstrategi og employer branding.

Onsdag 03. mai kl 10:00-14:30 blir det fire timars kurs i rekrutteringsstrategi i samarbeid med PwC, Fugleskjærgata 16 – 2 etg (Hamnehuset) På kurset vil du få konkrete råd og tips om korleis bedrifta di kan gjere seg så attraktiv som mogleg på jobbmarknaden. Målet er at kandidatane skal stå i kø for å jobbe hos akkurat deg.

Pris 

Pris for medlemer i Framtidsfylket, Aksello og Hub for Ocean kr 2 000,-. 

Pris for andre 2 500,-

Enkel lunsj er inkludert.

Tema: Rekrutteringskommunikasjon

Kurset vil også gi deg svar på kvifor målretta kommunikasjon mot jobbkandidatar er like viktig som kommunikasjon mot kundane:

  • Kva er rekrutteringskommunikasjon og kvifor er det så viktig?

  • Kva mål har vi med ulike kommunikasjonstiltak?

  • Kva tiltak har bedrifta i dag?

  • Kva målgrupper rettar vi oss mot?

  • I kva kanalar bør vi vere for å nå dei rette jobbkandidatane?

Tema: Rekrutteringsstrategi

I løpet av kurset skal vi sjå på bedriftene sin eigen rekrutteringsstrategi og finne svar på:

  • Kva kompetanse er det behov for?
  • Har vi fokus på kort eller langsiktig rekruttering?
  • Kor tid og korleis skal ein annonsere?
  • Korleis tek vi i mot, tek vare på og takkar av dei tilsette?
  • Kva har rekrutteringsstrategien å seie for bedrifta sitt omdømme på arbeidsmarknaden?

Desse har vi med oss

Gunn Merete Paulsen og Silje Guddal frå PwC leiar kursa. I kombinasjon med innspel og erfaring frå deltakarar, næringsliv og Framtidsfylket, vil vi styrke kompetansen din på rekruttering.

Om PWC

PwC er ein av Norges mest attraktive arbeidsgjevarar. Selskapet leverer tenester innan eit breitt spekter, og rekrutterer årleg mange nye medarbeidarar innan fagområde som jus, rekneskap, revisjon og rådgjeving. I Sogn og Fjordane er PwC lokalt forankra i heile fylket med sju ulike kontor.

Gunn Merete er advokat og partnar i PwC. Ho har mange års erfaring frå rekruttering gjennom ulike leiarroller, og har eit stort engasjement for samanhengen mellom omdømme og rekruttering.

Silje Guddal er rådgjevar i PwC og jobbar strategi og utvikling av små og mellomstore bedrifter, samt offentleg sektor. Silje har ansvar for marknadskommunikasjonen til PwC i Nordvest. Ho har bakgrunn som reporter og programleiar i NRK

Spørsmål? 

Ikkje nøl med å ta kontakt med Linda Hovland i Framtidsfylket:

99 01 78 52 / linda@framtidsfylket.no

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet