Skip to content Skip to footer

FoU møte – Ørret

FoU møte – auke berekraftig produksjon i oppdrett, hovudsakleg Ørret 

Torsdag 20. april inviterer Aksello i samarbeid med FORREGIONEN til FoU møte.

Havbruk | Aksello

Dato: Torsdag 20. april                                      Tidspunkt : 11:45-16:45                                    Stad: Quality Hotel Florø

Kontakt oss om de ynskjer å delta på FoU møte – Ørret 

Påmeldingsfrist: Fredag 14. april. kl. 14:30

Ørreten er den oppdrettsarten i Norge som står nærmast oppskalering etter atlantisk laks for å nå nasjonale mål om en auking av akvakulturproduksjonen innan 2050. Vestlandet har et særleg potensial for å utvikle seg som en sterk region innan berekraftig oppdrett av regnbueørret i sjø.

Ein sentral føresetnad for å lykkast med satsing på oppdrett av ørret er å løyse FOU-utfordringar knytt til biologi, teknologi, innovasjon og berekraft. Ørret og laks er forskjellige arter, og kunnskapsoverføring mellom dei to artane er ikkje alltid hensiktsmessig for å få til ein optimal produksjon. For å få utløyst potensialet innan ørretoppdrett vil det kreve at ørreten får tilstrekkeleg merksemd slik at artsspesifikke utfordringar blir løyst. Her vil ei styrka satsing på samarbeid mellom bedrifter og FoU-miljø være avgjerande.

Med dette som bakgrunn inviterer næringsutviklingsselskapet Aksello i lag med FORREGIONEN Vestland med dette til eit møte om FOU-utfordringar i oppdrett av ørret. I møtet samlar vi næringsaktørane og forskarane saman for å få fram kunnskapshol og utfordringar knytt til å auka berekraftig produksjon av ørret.

Målet er å avklare kunnskapsstatus, behovet for ny kunnskap og drøfte korleis bedrifter ved hjelp av forsking kan finne nye gode løysningar til den aktuelle problemstillinga.

Her ser du agendaen:

  • 11:45  Mingling. (Med Kaffe og frukt)
  • 12:15 Velkommen v/Lone Bareksten (Aksello) og Øystein Stavø Høvig (HVL/FORREGION)
  • 12:30 Introduksjon frå havbruksaktørar.
    • Tema: «Kva vert gjort i dag for å auke berekraftig produksjon av ørret og kva som må til i framtida for å få det til»
  • 13:30 Kaffi pause
  • 14:00 FoU Miljøet
    • 14:00 Sigurd Olav Handeland -UiB «Berekraftig oppdrett av ørret: samarbeid mellom forsking og industri for å fremme ny vekst»
    • 14:25  Per Gunnar Fjelldal – Havforskingsinstituttet – «Ryggradsdeformiteter hos ørret i merd»
    • 14:45 Emil Tomson Lindfors – Høgskolen på Vestlandet «Status for oppdrett av ørret i Chile; Hva kan vi lære av Chile?
  • 15:00  Plenums diskusjon
  • 15:30 Oppsummering og vegen vidare «korleis kan verksemder og FoU miljøet  jobbe vidare samen mtp ørret»
  • 16:00  Avslutning med mat

Frist for å melde seg på er fredag 14. april om de ynskjer delta.

Vi gleda oss til å sjå deg dykk.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet