FoU møte – KI i maritim sektor.
Tysdag 28 mai inviterer Aksello i samarbeid med FORREGION og Måløy Vekst til FoU-møte
- Dato: Utsatt til hast 2024
- Tidspunkt: 10:00-15:15
- Stad: Parken Kulturhus på Raudeberg – Måløy
Påmeldingsfrist: ny dato kjem
Grunna avgrensa plassar, anbefaler vi tidleg påmelding.
Bakgrunnen for FoU møtet:
Ved å utforske moglegheitene ved å implementere KI i maritime sektoren kan ein utforske potensialet for å auke effektiviteten, redusere kostnader og forbetre sikkerheit via automatisering av oppgåver.
Dette kan bidra til verdiskaping ved å optimalisere operasjonar og ressursbruk. For å etablere samhandling samler vi til FoU-møte. I møtet vil vi prøve å finne grunnlag for samarbeid mellom næringslivet og forskarar som kan finne innovasjons- og næringsutviklingspotensiale ved KI i maritim sektor.
For at vi skal kunne etablere samhandling mellom aktørar innan kunnskaps- og teknologiutvikling og næringslivet, må vi først samle gode krefter til eit FoU-møte. I møtet vil vi prøve å finne grunnlag for FoU-samarbeid med ulike næringslivsaktørar, forskarar som kan utvikle kunnskapsgrunnlag og finne samla innovasjonsmoglegheiter og næringsutviklingspotensiale ved KI i maritim sektor.
For at vi skal kunne påverke moglegheitene ved å nytte KI i maritim sektor, samt
konkurransesituasjonen, er det viktig å fokusere på kunnskapsoppbygging og ei meir sirkulær næringsutvikling, der vi ser på alle moglegheitane som KI kan tilby denne sektoren.
Automatisering og maskiner kan gjere det lettare å drive med klimatilpassing og finne nye og berekraftige ressursutnyttingar. Dette føreset at ein får samla forskarar og næringslivet saman og fokusere på korleis ein kan samla fokusere og finne moglegheiter å utnytte ressursen.
Målet med FoU Møtet:
Auke andelen verksemder innan maritim sektor som nyttar KI for å auke effektiviteten, redusere kostnader og forbetre sikkerheit
Her ser du agendaen:
- 13:00 Mingling.
- 13:30 Velkommen v/ Aksello, HVL/ FORREGION og Måløy Vekst
- 13:45 Presentasjoner frå næringslivsaktørar.
- 15:00 Matbit
- 16:00 Presentasjonar frå FoU Miljøet
- 17:15 Plenums diskusjon – Oppsummering og vegen vidare
- 17:45 Avslutning
Vi legg til rette for at ein kan nytte sjøtransport mellom Florø og Måløy. 11:30-12:40 og retur 18:33-19:54
Vi gled oss til å sjå deg dykk.