Skip to content Skip to footer

Velkommen til skriveverkstad for SkatteFUNN

Aksello i lag med Forskningsrådet inviterer til skriveverkstad for SkatteFUNN 14. mai. Samlinga vert i våre lokaler i BYX Florø frå kl. 11:30-14:30. 

Kva er SkatteFUNN?

SkatteFUNN (Skattefradrag for forsking og Utvikling i et Nyskapende Næringsliv) gir bedrifter rett til å føre frådrag over skattemeldinga for utgifter til FoU-prosjekter. Ordninga vert administrert av Norges forskningsråd, i samarbeid med Skatteetaten.

SkatteFUNN er en rettighetsbasert finansieringsordning som skal motivere fleire bedrifter til å drive med forsking og utvikling. Det at ordninga er rettighetsbasert, betyr at det ikkje er ein konkurranse, men at dette er støtte din bedrift har rett på om dykk oppfyller vilkåra for å mottek SkatteFUNN.

For å få ei godkjenning må prosjektet oppfylle krava for å bli definert som FoU i samsvar til skatteloven.

SkatteFUNN har til hensikt å risikoavlaste bedrifter som har eit FoU-prosjekt der målet er å utvikle ei ny eller betre vare, teneste eller produksjonsprosess. Ordninga gir bedrifter moglegheit til å føre frådrag for 19 % av utgiftene i eit forskings- og utviklingsprosjekt.

Alle søknadar som sendast inn før 1. september er garantert å bli ferdigbehandla same år. Det inneberer at du kan får frådrag for prosjektkostnader påløpt i søknadsåret.

Kurshaldar 

Merete Lunde som er spesialrådgjevar hos Forskningsrådet, kjem til BYX i Florø og skal ta oss gjennom SkatteFUNN og kva dette kan bety for di bedrift, samt skriveverkstad der du kan ha med ein konkret sak frå di bedrift.   

Merete har vert spesialrådgivar hos Forskningsrådet sidan 2019.

Her ser du agendaen:

  • 11:30-12:10 Kva er SkatteFUNN og korleis di bedrift kan nytte dette verkemiddelet.
  •  12:10-12:40 Presentasjonar frå verksemder som i dag nytter SkatteFUNN
    • “Namn på verksemd kjem”
  • 12:40-13:00 Kaffi pause med ein liten matbit
  • 13.00- 14:30 Skriveverkstad.

Merk: Det er høve å kun delta på del 1 frå 11.30 – 13.00 (informasjonsdelen) dersom det er ynskeleg.

For skriveverkstaden ber vi dykk ta med søknader som er under arbeid, og/eller prosjekter som de tenker kan vere relevante for SkatteFUNN ordninga. Merete vi gå gjennom gode råd for søknadsskriving, samt komme med direkte råd til dykkar søknad. 

MERK!: Skriveverkstaden er kostnadsfritt og det er avgrensa plasser på kurset, anbefaler tidleg påmelding for å sikre deg plass. 

VELKOMMEN TIL SKRIVEVERKSTAD. 

Påmelding HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet