Skip to content Skip to footer

Arne Olsen tek mellombels roret i Aksello

Som dei fleste har fått med seg, sluttar Lone Bareksten etter 10 år som dagleg leiar i Aksello for å bli banksjef i Sparebanken Vest.

Inntil ny dagleg leiar er på plass, har ein «gamal travar» sagt ja til å leie selskapet nokre månader. Frå 1. april vil såleis Arne Olsen leie teamet som held til i Byx (tidlegare Peak) i Florø. Han har sjølv vore tilsett i Aksello i 7 år, og har dei seinaste 2 åra vore tilknytt som innleigd rådgjevar.

Olsen kjenner selskapet godt, og seier:

– «Det blir ei stor glede å leie det dyktige teamet i Aksello. Styret er komen langt i prosessen med tilsetting av ny dagleg leiar, men i mellomtida skal eg forsøke å gjere nytte for meg. Lone etterlet ei verksemd i svært god stand, med eit godt omdøme og med mange spanande aktivitetar, så dette gler eg meg til.»

Om nokon vil ta kontakt med den konstituerte daglege leiaren, kan han treffast på e-post arne@aksello.no eller på telefon 97573599.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet