Skip to content Skip to footer

Aksello står støtt på eigne bein, derfor kan dagleg leiar gå vidare til nye utfordringar

I desember 2023 kunne Lone Bareksten feire heile ti år som dagleg leiar i Aksello.

Dei ti åra har vore ei spanande tid både når det gjeld utvikling og omstilling i næringslivet i regionen, men og for utviklinga av næringsutviklingsselskapet Aksello. Det som byrja som eit kommunalt omstillingsselskap tidleg på 2000-talet står i dag fram som eit kraftfullt selskap med regionalt nedslagsfelt og nasjonale viktige virkemidlar i bagasjen.

Det kan vere utfordrande å drifte næringsselskap med fokus på næringslivets sitt behov då det ofter er krevjande å skaffe rett finansiering til slikt arbeid. Så det å no vere der at Aksello har ei langsiktig grunnfinansiering som sikrar eit utviklande arbeidsmiljø og dermed gjev oss moglegheit til å kunne velje prosjekta og satsingane som næringslivet har behov for, er svaret på den målsettinga for dagleg leiar i desse ti åra. Styret i Aksello jobba i haust saman med administrasjonen for å legge dei langsiktige måla for selskapet, og strategien står no klart og tydeleg som ein raud tråd for selskapet dei neste åra.

«Det kjennes verkeleg vanskeleg å skulle sleppe roret på denne skuta etter så mange år, men eg trur det er heilt rette tida for det no, både for selskapet og for meg sjølv», seier dagleg leiar Lone Bareksten 

Lone Bareksten

I tillegg til eit langsiktig og godt økonomisk fundament for selskapet har Aksello tilsette i selskapet som har stort engasjement, brei kompetanse og er særs kunnskapsrike, og ikkje minst; dei gjer ein fantastisk jobb. Dei tilsette er avgjerande for at Aksello leverer så gode resultat som det blir vist til. Ein anna nøkkelen til å kunne levere gode utviklingstenester til næringslivet er å ha tilgang til den rette kompetansen og kunnskapen til rett tid. Det å få til eit godt samspel mellom innleigde ressursar og eigne tilsette viser seg å vere ei optimal løysing som Aksello no har lukkast med.

No som Aksello står støtt på eigne bein, dukka det opp ein interessant moglegheit som dreg Lone Bareksten tilbake til røtene og det faget ho starta si karriere i, nemleg bank og finans. Lone har takka ja til stillinga som banksjef i Sparebanken Vest.

«Eg har full tiltru til at styret gjer ein god jobb med å rekruttere ein ny leiar for selskapet, og eg veit at det kjem til å bli mange spanande prosjekt og knoppskytingar ut av Aksello systemet i tida som kjem», avsluttar Lone Bareksten. 

Mikael Johansen - Aksello.no

Det har vore ei spannande utvikling og vekst i selskapet over fleire år. Som styreleiar har eg fått moglegheita til å jobbe med ein dyktig dagleg leiar og engasjerte tilsette i Aksello. Eg vil takke Lone for samarbeidet og den gode jobben som er gjort. No vil eg saman med resten av styret starte arbeidet med å finne den nye daglege leiaren som saman med de tilsette skal utvikle selskapet vidare.” Mikael Johansen Styreleiar Aksello

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet