Inkubator I Aksello

Det går fort framover for inkubatorbedrifta Evoy og gründerane Leif og Gunnar Stavøstrand som har vore tilknytta Aksello sitt inkubatorprogram sidan mars 2018. Evoy er ein av 11 utvalde blant over 500 startups frå heile verda som skal vere med i Katapult Ocean Program. I tillegg, har også avgjerande investeringar begynt å rulle inn.

­– Å få delta i Katapult Ocean Program er kjempeviktig for oss i den fasen som vi er i no og vi har lagt inn utruleg mykje arbeid i søknadsprosessen fordi vi innsåg kor unik denne moglegheita var for oss, smiler Stavøstrand.

Gjennom Katapult Ocean Program vil Evoy få tett oppfølging i bedriftsutvikling, og den veksten ei bedrift vanlegvis oppnår på eitt til to år skal skje i løpet av tre intense månadar. Katapult Ocean går også inn som medeigar i selskapet med ei investering på 1,7 millionar.

– Dette er avgjerande for oss om vi skal vekse og nå dei måla som vi har satt oss, fortel Stavøstrand.

 

Tre nye arbeidsplassar

Visjonen til Evoy er å eliminere utslepp frå båt verda rundt, og for å nå dette målet får dei no også støtte frå ni lokale investorar som til saman går inn med to millionar kroner.

– Dette kombinert med støtta frå Ocean Katapult Program er grunnen til at vi no kan rekruttere og få fleire dyktige folk ombord.

Evoy lyste nyleg ut tre stillingar og er på jakt etter CMO CMO – Marknads- og salsleiar, CTO – Teknisk leiar/ Elektroingeniør og Trainee elektroingeniør.

Vekstkurva til det unge selskapet er på god veg oppover, og det under eitt år etter at Stavøstrand slutta i jobben sin som administrerande direktør i Saga Fjordbase for å satse på draumen om ein stillegåande og miljøvennleg elektrisk båt.

 

Noko må ein ofre

– Draumen hadde eg hatt ei stund, men det var umogeleg for meg å jobbe med den parallelt med jobben på basen. Eg har aldri vore kjent for å jobbe lite i mitt liv, men eg har aldri jobba så mykje som eg har dei siste 10 månadane, innrømmer han.

Sjølv om tida framover no vert endå travlare, med pendling mellom Katapult Ocean Program i Oslo og bygging av protoype i Trondheim, så trivst han i den hektiske gründertilværa.

– Noko må ein jo ofre, men det er utruleg kjekt å jobbe med noko som eg brenn for og som eg ser også engasjerer andre, seier han og gir
eit døme:

­– Eg hadde nettopp ein veldig god samtale med ein potensiell kunde som var heilt euforisk på telefonen og kom med utruleg positive tilbakemeldingar. Det er skikkeleg herleg å få slike tilbakemeldingar og vite at du har ei løysing og eit produkt som dei vil ha. Så eg ser verkeleg fram til å jobbe vidare med dette.

Vi i Aksello ser også fram til å følgje Evoy vidare og fortelje meir om framgangen dei gjer.

Følg med på Facebook og i nyheitsbrevet vårt.

 

Inkubatorbedrift hos Aksello

Evoy har vore med i Aksello sitt inkubatorprogram sidan mars 2018. Gjennom inkubatoren får bedrifta tilgang på kontorplass, eigen dedikert rådgjevar og eit innovativt gründarmiljø. Tilbodet er subsidiert via SIVA, og som gründer betalar ein kun ein eigenandel på 25 % for å delta i programmet.

– Noko av det viktigaste for oss har vore å få hjelp til å angripe idéen vår for å utvikle den til å bli ei bedrift. Dette er det vanskeleg å lese seg fram til. Det å ha nokon å snakke med og som kan gi oss råd har ein stor verdi. Aksello har også eit veldig godt nettverk som har gitt oss mange gode kontaktar. Ein må ikkje undervurdere kor viktig nettverk er, fortel Stavøstrand.

Ynskjer du å vite meir om Aksello sitt inkubatorprogram?

Kontakt oss