Skip to content Skip to footer

Aksello ynskjer deg ein riktig fin sommar!

For eit fantastisk kjekt år 2022 har vore så langt! Med rekord høg aktivitet både i høve prosjekta våre og opptak av nye inkubatorbedrifter, har vinteren og våren susa av gårde i Aksello. Sjølv om urolegheiter i Europa og restar av pandemi framleis har hatt innverknad på næringslivet sin aktivitet, merkar vi godt at omstilling og bærekraft står høgt på agendaen i år. Dette bidreg igjen til innovasjon og spanande aktivitet i næringslivet der vi i Aksello får bidra med våre verktøy og virkemidlar.

Vi starta året med eit rykande ferskt Grøn Vekst program, leda av Trond Økland som Aksello sin prosjektleiar.

Med støtte frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga har vi satt i gang prosjekt Grøn Vekst. Dette er eit vekstprogram for etablerte bedrifter …


På eit eigarmøte hausten 2021 kom Aksello sine eigarar med tydlege innspel på at ein felles plan for krafttilgang, areal og ei felles satsing for å tiltrekke seg attraktive næringar i framtida, måtte prioriterast. Vi snudde oss raskt rundt, noko som resulterte i at vi starta året med endå eit nytt prosjekt som har namnet Energisenteret Florø. Vi er veldig fornøgd med å ha fått Frode Nybø med på laget. Han er engasjert som Aksello sin prosjektleiar for Energisenter Florø.

Energisenteret Florø  Gjennom Aksello sitt eigarmøte i oktober 2021 kom det fram at det var eit stort behov for oversikt over kraftsituasjonen i dag og i framtida, basert på noverande…


Og endeleg! 2022 var året vi fekk  tilsett vår nye 
innovasjonsrådgjevar: Andrea Bjørkaas. Andrea har raskt teke over viktige oppgåver i Aksello og har eit kjempeengasjement for utvikling og vekst i vår region.

Andrea er fødd og oppvaksen i Florø, og beskriv seg sjølv som hjelpsam, energisk og glad i å prate. Ho reiste tidlig …


Saman med Kinn kommune har Aksello styrt utlysingane og behandingane av kompensasjonsordninga i høve Covid-19 til hardt råka verksemder også i 2022.  Etter å ha starta 2022 med nasjonal nedstengning og sjenkeforbodet er det godt å sjå at vi går mot meir normale tider for denne delen av næringslivet også no når sommarsesongen er i gong 

Sommerhilsen fra Aksello

Vi har mange flinke startups og knopskytingar i inkubatorprogrammet vårt også i 2022, og det er spesielt kjekt at vi kan treffast og arrangere kjekke faglege og sosiale samlingar igjen.

I det flotte inkubatorområdet vårt på Peak Florø, er det endeleg aktivitet og fleire av gründerane som nyttar anledninga til å sitje der i eit innovativt og kjekt miljø.

Sommartreffet Aksello

Sommartreffet 2022!   Aksello inviterer deg som er student, arbeidssøkande, potensiell heimflyttar, tilflyttarar og sjølvsagt det lokale næringslivet til rekrutteringstreff og nettverking, fredag 08. juli kl. 14:00 på Peak Florø.

Det er mange interessante og spennende bedrifter som står på stand, der i blant: ECI , INC gruppen , Kinn kommune, LINJA, Hub for Ocean, Retrams, Westcon Yard Florø, WIS, Noblikk, Evoy Deloitte, Neptune, Cloudberrie ( HAPTIC), PWC, Harris Advokatfirma AS, iVest Consult, Framtidsfylket, Fjord 1

Kom og skap viktige nettverk! Meld deg på her: aksello.no/sommartreffet-22/ 

Her vert det konkurransar med moglegheit til å vinne helgepass til Våt Morro-festivalen. 

Er du nysgjerrig på kva karrieremoglegheiter som finnast i Florø? Aksello inviterer studentar og arbeidssøkjande, potensielle heimflyttarar og tilflyttarar, og sjølvsagt det …


Offshore Northern Seas i Stavanger 2022:
 I 2020 satte Covid-19 ein stoppar for ONS festivalen, men endeleg i 2022 er både ONS-messa på Forus og festivalen i Vågen tilbake. Som vanleg er då Kinn kommune og Aksello klar for å legge til rette for ein spanande nettverksarena med god stemning i Florø-paviljongen i Vågen. Det er framleis ledige plassar så om du og dine kollegaer ynskjer å ta turen innom Vågen måndag 29., tysdag 30. eller onsdag 31. august så ta kontakt Offshore Northern Seas i Stavanger 2022.


Frukostmøte:
  Det har vore interessante besøk på våre frukost møter i år. Du kan sjå opptak frå dei her: Opptak. Frukostsamlingane har  tatt ferie og neste frukostmøte er torsdag 1. september, agenda og påmelding kjem i august. Følg med her: Frukostsamling

Vi går ein kjekk haust i møte med mykje spanande på agendaen, så følg oss på Facebook og meld deg på nyhetsbrevet vårt. 

Vi held sommarstengt veke 29 og 30 men elles er vi på plass på kontoret resten av sommaren. 

Så har du ein ide, treng du rådgjeving i høve bedriftsutvikling eller treng meir informasjon, ta kontakt!

Takk for innsatsen så lang i år til våre innovative gründerar, våre gode samarbeidspartnerar, vårt engasjerte styre og ikkje minst til våre dyktige rådgjevarar for godt samarbeid og god oppfølging.

Vi ser fram til ein spanande haust – i mellomtida, nyt sommaren!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet