Skip to content Skip to footer

Strandryddingseilas

Det å møtast og ha tid til å dele kunnskap og erfaring er viktig for at inkubatorbedriftene våre skal bygge nettverk og auke kunnskap. Derfor er det sosiale aspektet er ein viktig del av inkubatorsamlingane.Torsdag 9 juni, etter fagleg påfyll tok vi turen ned på Kolkaia og steig ombord på Galeasen Loyal der vi vart møtt av Roger Auset frå Fjordane Friluftsråd  og satte kurs mot havet for Strandryddeseilas. 

Strandryddeseilas var ein kombinasjon av segling og strandrydding der vi både fekk nyte naturen og gje noko tilbake. 

Florø, Norges vestlegaste by, med sine mange øyar og skjær, er eit paradis for segling og havaktiviteter. Her ga verkeleg Strandryddeseilas som teambuilding meining. 

Loyal heva anker og etter ein informativ gjennomgang frå Roger om korleis plastforureining truar livet i havet og at det er eit av dei raskast aukande miljøproblema vi står overfor, blei gjengen gira og fekk lysten til å plukke mest mogleg plast/søppel. Loyal kasta anker ved Hovden og det vart kjapt  annonsert ei utfording frå Lone Bareksten «Konkurranse! den av dei to gruppene som plukkar mest søppel vinn ein premie» og dermed var konkuransen i gang 😊 

Heldigvis plukka begge laga alt for mykje søppel der vi mellom anna fant vi to bildekk, støypejerns panner, fiskegarn, hjelmar  og ein ufatteleg stor mengde plast. Konkurransen konkluderte med uavgjort mellom dei to laga., Alle var godt fornøgd med kor mykje søppel heile gjengen fekk plukka og at vi forlèt øya i desidert betre tilstand enn når vi kom.

https://ryddenorge.no/aksjon/42877

Så var tida der for å slappe litt av, Loyal heiste igjen anker og vi segla rundt Skorpa. Då fekk vi servert eit heilt nydeleg rekemåltid om bord på seglskuta og kunne samstundes ta inn over oss den heilt fantastisk flotte skjærgarden vi har. 

Den flotte kvelden blei avslutta med konsert på Kolkaia og konsert frå Piano Ocean. 

Vi takker for turen og vil absolutt anbefale Strandryddingseilas.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet