Skip to content Skip to footer

Økonomidagar i Florø: Kurs i verdivurdering av selskap med Styreforeningen

5. mars har du moglegheita til å lære korleis du finn verdien av eit selskap gjennom praktiske og strategiske vurderingar basert på konkret case-arbeid. Kurset gir innsikt i ulike verdsettingsmetodar, marknadsposisjon, framtidsforventningar og investorståstad. Kurset vert leia av Kurt Petter Lindgren frå Styreforeningen, og alle deltakarar får kursbevis etter gjennomført kurs, eit verdifullt kompetansebevis som kan brukast i vidare styrearbeid, investeringsvurderingar og strategiske prosessar.

Kurset er ein del av Økonomidager i Florø, ei kompetanserekke i regi av Aksello der vi set fokus på praktisk og strategisk økonomiforståing for næringslivet i regionen, basert på reelle norske case, workshop-læring og direkte anvendelege verktøy.

Praktisk informasjon

Dato: Torsdag 5. mars 2026
Tid: 09.00–14.00 (inkl. lunsj 11.30–12.30)
Stad: Byx Cowork, Florø – Allrommet i 3. etg.
Kurshaldar: Kurt Petter Lindgren, Styreforeningen

Om kurshaldar og Styreforeningen

Kurshaldar: Kurt Petter Lindgren

Kurt Petter har brei internasjonal erfaring som CFO frå både private og børsnoterte selskap, med solid kompetanse innan økonomi, finans og rekneskap. Han har òg omfattande erfaring med verdivurdering av selskap, kapitalforvaltning, finansiering, styrearbeid, strategi, oppkjøp og investorpresentasjonar.

Han har førstehands erfaring frå oppstart- og vekstbedrifter gjennom eiget selskap og samarbeid med næringshagar, og sit i fleire styrer både som styreleiar og styremedlem. I regi av Styreforeningen er han kursholder på fleire kurs og ansvarleg for «Den økonomiske helsesjekken», som gir grundig analyse av bedrifta si økonomi og forslag til tiltak for forbetring.

Om Styreforeningen

Styreforeningen er den norske foreininga for styremedlemmar og har levert styre- og styrerelaterte kurs sidan 1999. Foreininga er partipolitisk uavhengig og har som mål å auke kompetanse og profesjonalitet for alle med interesse for styreområdet – særleg styremedlemmar, leiarar, eigarar og verksemder eller organisasjonar i Noreg. Styreforeningen har over 10 års erfaring med styreautorisasjon og tilbyr kurs og program som styrker praktisk styrekompetanse og økonomisk innsikt.

Kursbevis

Alle deltakarar får kursbevis frå Styreforeningen, som dokumenterer gjennomført kompetanseheving og kan brukast i styrearbeid, strategiske avgjerder og profesjonell utvikling.

Om kurset

Kurset gir ei praktisk opplæring i korleis ein vurderer verdien av eit selskap, og deltakarane lærer om dei ulike utgangspunkta som kan ligge til grunn for ei verdivurdering. Kurset gir òg ei generell innføring i dei mest brukte verdivurderingsmetodane. Vidare får deltakarane innsikt i korleis selskapet står i marknaden, og korleis det eignar seg i konkurranse. Kurset tek òg for seg betydninga av selskapet sitt know-how, produksjonsmetodar og analysemetodar.

Deltakarane lærer korleis kundar, marknadsdelar, faste rammeavtaler og nøkkelkundar kan påverke verdien. Kurset går vidare inn på distribusjonskanalar og vurderingar knytt til marknadsadgang og marknadstilgang. Det vert òg jobba med substansverdiar, inkludert faktiske og nøytrale verdiar i selskapet.

Kurset gir opplæring i korleis ein brukar og vurderer EBIT- og/eller EBITDA-berekningar, og korleis multipliseringsfaktorar vert nytta i praksis. Deltakarane lærer òg korleis ein gjer vurderingar av og forventningar til framtida for selskapet, og ser på utvikling og lønsemd framover i tid for verksemda. I tillegg får deltakarane innsikt i kjøpande investorar sitt ulike ståstad og moglege synergi-mogelegheiter.

Kurset er basert på konkrete case, og det inngår eit 80-siders PDF-hefte med døme på konkrete verdivurderingar.

Pris og støtteordningar

Pris per deltakar: kr 6400 eks. mva.

Bedrifter kan søkje om inntil 60 % kursstøtte. Kontakt Aksello for veiledning og meir informasjon på linn@aksello.no eller telefon +47 958 20 063.

Påmeldingsfrist

Påmelding må vere registrert innan 17. februar.

Forbehold om gjennomføring

Kurset krev eit minimum antal påmelde for å kunne gjennomførast. Dersom vi ikkje oppnår tilstrekkeleg påmelding, forbeheld vi oss retten til å avlyse eller utsetje kurset.

Målgruppe

Styremedlemmar, daglege leiarar, økonomiansvarlege, eigarar, investorar og gründarar som ønskjer praktisk innsikt i korleis verdien av eit selskap vert vurdert, for å ta betre strategiske avgjerder knytt til investering, oppkjøp og styrearbeid.

Styrk din økonomikompetanse – med kursbevis som dokumentasjon

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet