Skip to content Skip to footer

Kjekk og lærerik samling saman med inkubatorbedriftene våre!

Torsdag den 9. og Fredag den 10. juni arrangerte Aksello samling for deltakarane i inkubatorprogrammet.  

inkubatorprogrammet får gründerar og etablerte bedrifter tilgang til eit fagleg og sosialt miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus.

Å samle deltakarane i inkubatorprogram er viktig, då vi ser verdien av å treffe andre selskap som er i same situasjon, og ein kan dele erfaringar, nettverk og avdekke potensielle samarbeid. Slike møteplassar gjev synergiar der ein får moglegheita til å  hente inspirasjon og læring frå kvarandre. Slik kan inkubatorbedriftene våre bygge eit særdeles viktig nettverk. 

Under denne samlinga fekk  vi løfta blikket og sette merksemd på korleis ein  kan ta ein genial ide fram til ei vellykka kommersialisering. Sentralt i dette er selskapets overordna strategiske retning, samt marknadsføring av forretningsidéen. Gjennom desse to dagane med fagsamling fekk vi ‘løfta blikket’ og fekk jobbe godt med strategi og marknadsføring saman med flinke og motiverande foredragsholdarar. 

Inkubatorsamling hos Aksello i Forø

Dag ein starta med workshop saman med Frode Nybø som driv sitt eige selskap Nybø Konsult. Her fekk inkubatorbedriftene ei god arbeidsøkt der ein fokuserte på kva målet for etableringa er og viktigheita av å ha gode planar, altså strategi, for å tette gapet mellom kvar ein er og kvar ein vil. 

Ingeborg Sol Fure  og Helle Frogner  hadde ein veldig spannende gjennomgang saman med deltakarane om korleis ein kan framstille sitt selskap og sine produkt for å treffe marknaden. Med stor kunnskap om marknadsføring og synlegheit på digitale flater gav Ingeborg og Helle inkubatorbedriftene mange gode tips og idear denne fredagen. 

Det sosiale aspektet er ein viktig del av inkubatorsamling. Etter fagleg samling  torsdag gjekk vi ombord på Loyal og ut på havet for Strandryddeseilas i regi av Fjorande friluftsråd . Ein kan lese meir om strandrydding seilas her https://aksello.no/strandryddingseilase/ 

Kurs og workshop vart gjennomført i Comfort Hotell Florø  sine lokaler med god mat og service. 

Inkubatorsaling hos Aksello i Florø - næringsliv

Deltakande bedrifter: 
Ytri AS
Helse Først AS
Retrams AS
Safe Storage AS
Nekst AS
Dribe 
Nordic Mate
Sundal Kompetanse AS
Thalasso  AS og Thalasso AS- Biotech

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet