sommerferie-Aksello-kinn

Aksello tek sommarferie!

Det har vore hektisk, men for eit kjekt og interessant år 2021 har vore så langt! Vi starta året med arbeid knytt til moglegheit for etablering av batterifabrikk og fleire tusen nye arbeidsplassar til vår region. Aksello tok steget og flytta inn i nye lokaler i Peak Florø i februar, og deretter har det gått slag i slag, med positive prosjektsamarbeid i Hyllestad, og god auke av nye innovative bedrifter i inkubatoren. Vi har óg vore heldige og samarbeidd med Kinn kommune i arbeidet med kompensasjonsmidlar til dei bedriftene i kommunen som har vore hardt råka av dei strenge smittevernstiltaka. Det er godt å sjå at vi går mot meir normale tider for denne delen av næringslivet også. 

Det var særs kjekt å få resultatet på kundetilfredshetsundersøkinga no rett før sommaren, der resultatet viser ein score betre enn programgjennomsnittet på samtlege indikatorar, noko som vår oppdragsgjevar SIVA har bemerka. Dette er svært gledeleg for oss, men definitivt ikkje ei ‘sovepute’. Vi skal fortsette å utvikle oss og tilby gode tenester. 

For oss som er vand med sosiale møteplassar og store arrangement for næringslivet, er det ein fryd å gå ein haust i møte der det ser ut til at vi igjen kan samlast og møtast fysisk. Frokostmøta våre startar opp att med same intervall som vi har hatt tidlegare, kvar første torsdag i månaden, der den første blir den 2. september. Det blir så kjekt å sjå dykk igjen og ta praten over kaffikoppen som før. 

Vi har som alltid hovudmerksemd på forretningsutvikling og sikre at næringslivet nyttar dei rette virkemidlane for å skape nye arbeidsplassar i regionen vår. For å legge til rette for dei flinke og innovative bedriftene våre i inkubatoren, ser vi verkeleg fram til å opne nye flotte inkubatorarbeidsplassar på Peak Florø i løpet av hausten. 

Vi går ein kjekk haust i møte med mykje spanande på agendaen, så følg oss på Facebook og meld deg på nyhetsbrevet vårt. 

No nyttar vi dei rolege sommarvekene og tek ferie!

Vi vil ha feriestengt kontor i veke 29, 30 og 31, men dagleg leiar Lone Bareksten vil være tilgjengeleg om nokon har spørsmål eller treng noko i denne perioden. 

For inkubatorbedrifter som nyttar lokala våre vil de ha tilgang til alle fasilitetar også desse tre vekene som normalt. 

Takk for innsatsen så lang i år til våre innovative gründera, våre gode samarbeidspartnerar, vårt engasjerte styre og ikkje minst til våre dyktige rådgjevarar for godt samarbeid og god oppfølging.

Vi ser fram til ein spanande haust – i mellomtida, nyt sommaren 😊!