Nye Covid-19 kompensasjonsmidler

Nye Covid-19 kompensasjonsmidler til særs hardt ramma bedrifter i Kinn kommune. 

I desse dagar mottek bedriftene som kvalifiserte for fase 1 av kompensasjonsordninga sine tildelte midlar. Det var totalt 45 bedrifter i Kinn kommune som fekk midlar i denne fasa. 

  1. april tildelte Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) andre del av tilskotet «kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter».

Kinn kommune ynskjer også i denne fasa og nå raskt ut til dei bedriftene som treng det mest. Tilskotet skal avhjelpe lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smittevernstiltak. Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. 

Det vart gjort ei vurdering i fase 1 der kommunen bestemte seg for å fordele nokre midlar utifrå verksemdene sine innrapporterte alkoholomsetning. Denne ordninga ynskjer kommunen å vidareføre no til fase 2. 

Ordninga er lyst ut og frist for å søkje fase 2 er sett til 15. juni 2021.

Det er oppretta eit forenkla søknadsskjema på www.regionalforvalting.no som skal nyttast. Ved å skrive «Kinn» i søknadsfeltet til høgre i skjermbildet får du opp kompensasjonsordninga som heiter «Kinn kommune støtte til særleg hardt ramma bedrifter i høve smitteverntiltak, del 2», klikk på den og lag deg ein brukar for å sende søknad.

Bedrifter som har innrapportert alkoholomsetning i Kinn kommune treng altså ikkje å nytte dette søknadsskjemaet, men fell automatisk inn under ordninga.

Aksello er Kinn kommune sitt næringsapparat og handterer alle søknader og spørsmål i høve desse. Så har du spørsmål er det berre å ta kontakt med Lone Bareksten hos Aksello https://aksello.no/om-aksello/#tilsette