Thalasso AS er eit norsk-meksikansk samarbeidsprosjekt som skal utvikle ein metode for å hauste og prosessere sargassum (flytetare) i Karibia og Vest-Afrika.
Klimaendringar forårsaker massiv blomstring av sargassum i det karibiske hav og truar økonomi, levebrød og økosystem ved å invadere strender, drepe marint liv og øydelegge verksemder, særskilt innan turisme og fiskeri. Selskapet skal utvikle ein effektiv og miljøvennleg metode for å samle taren, samt prosessere for vidaresal til foredlingsbedrifter. Sargassum inneheld store mengder verdifulle ingrediensar for tilskot til produksjon som kosttilskot, farmasøytisk, kosmetisk industri samt tekstil og matindustri.
Kjerneteamet består av Frode Sønstebø (CEO og co-funder) og Paulina Gonzalez (CMO og co-funder) som begge har god kjennskap til, og eit breitt nettverk i, regionen dei skal operere i. Dei har begge lang erfaring med internasjonalt arbeid og spesielt med norsk maritimteknologi, vann/hygiene og miljø.
Aksello ynskjer Thalasso AS velkommen i inkubatoren og ser fram til vidare samarbeid.
For meir informasjon, besøk https://www.thalassoocean.com/
Aksello har plass til nye, innovative verksemder som ynskjer hjelp til etablering og vekst. Vil du vite meir om dette, ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat!