Skip to content Skip to footer

Nytt selskap i inkubator

MMR
Frå venstre: Vanja Viken – inkubatorleiar Aksello, Arne Olsen – seniorrådgjevar Aksello, Frank-Willy Djuvik-prosjektleiar MMR, Trond Briskeby-dagleg leiar MMR, Marharyta Kryva-forsker MMR

Stiftelsen Måløy Marine Ressurssenters overordna målsetting er å styrke næringslivet i regionen gjennom å formidle, utvikle og gjennomføre FoU-prosjekt innen havbruk, fiske og fangst og nye marine næringer. Selskapet opplev eit udekka behov for testfasilitetar med teknologi og kompetanse innan blant anna forsking, forindustri, fiskeri og oppdrett, og vurderer no å kommersialisere eit tilbod som skal tilrettelegge for test av blant anna produksjon av fiske- og dyrefor. Regionen har stor aktivitet innan marin sektor, akvakultur, fiskeri, samt leverandørindustri og god tilgang til marine råstoff som reststoff,  alger og avskjær. Ved å utnytte dette potensiale vil ein jobbe for å legge til rette for eit viktig og godt tilbod til regionale, nasjonale og internasjonale aktørar. Satsinga bidrar til auka bærekraft knytt til blant anna reduksjon av transport- og fraktkostnader, redusert import av fiskefor og vil forlenge livssyklus til blant anna reststoff.

Stiftinga er tatt opp i inkubatoren som ein Forretningsmessig innovasjon – ei satsning som kan resultere i knoppskyting av kommersiell verksemd. Inkubator skal bistå med rådgjeving, finansiering og nettverk knytt til forretningsutvikling og kommersialisering av satsninga. 

MMR representerer eit FoU-miljø som er eit viktig for næringslivet i vår region og for andre innovative inkubatorbedrifter hos Aksello. 

MMR vil presentere seg nærare på eit av Aksellos frukostmøter til hausten. 

Vi ser fram til vidare samarbeid!

Aksello inkubator har plass til nye, innovative verksemder som ynskjer hjelp til etablering og vekst. Vil du vite meir om dette, ta kontakt. 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet