Korleis byggje ein juicebåt på åtte månader, kva er next for Nekst og Florø Fotball sin kommande skjebnekamp var tema under morgondagens Frukostsamling hos Aksello.

Første mann ut var Gustav Johan Nydal frå Polarny Maritime, eit engineeringsfirma som utviklar nye skip og driv med ombygging av skip. Gustav Johan fortalde om eit av dei verkeleg store prosjekta dei har haldt på med i Kina det siste året: Å byggje ein juicebåt for Citrosuco i Brasil på åtte månader.

– Å lage ein heilt ny båt ville ta for lang tid, så her måtte vi finne eit skip vi kunne byggje om.

Båten, eit åtte år gamalt kontainerskip, fann dei utanfor kysten av Tanzania og derifrå gjekk den via Singapore til eit verft i Kina. Der vart den ribba for 600 tonn stål og forsterka med 1900 tonn nytt stål. Vidare vart den utrusta med 15 nye tankar og lastesystem for appelsinjuice, og som ferdig båt skal den frakte juice frå Brasil til USA. Gjennom ein serie av bilde fekk alle eit inntrykk av det massive arbeidet som har vore lagt ned i ombygginga fram til det endelege resultatet.

– Dette er desidert det raskaste prosjektet eg har vore med på og det har vore eit kjempeviktig prosjekt for Polarny Maritime, seier Gustav Johan og legg til at dei har fleire prosjekt for Citrosuco framfor seg.

Nekst – berekraftig vekst

Martin Ramsdal frå Nekst kom med siste status for prosjektet deira etter at dei fekk tilsegn om to konsesjonar til merdanlegg, men avslag på 14.

– Korleis bomma vi så grundig?, spør han innleiingsvis og viser mellom anna til at endringane i spelereglane for konsesjon har hatt ein negativ effekt.

Trass avslaga, er han positiv til vidare utvikling av prosjektet.

– Både fylkesmannen og Fiskeridirektoratet er positive til prosjektet og ser at vi har ein teknologi som kan hjelpe oppdrettsnæringa å vekse på ein berekraftig måte, understrekar han.

Martin forsikrar om at han ikkje vil gje opp med det første, men fortsette med å vidareutvikle konseptet:

– Det er ei stor nasjonal interesse for dette prosjektet. Vi har allereie passert eit trongt nålauge i havbruksnæringa si historie, så vi kan ikkje gje opp, avsluttar han.

Å lære i motgang

Terje Rognsø innleia sin presentasjon med å innrømme at han gjerne skulle ha stått der for å skryte av at dei vann førre kamp, men når det ikkje vart slik var den kommande skjebnekampen tema.

– Florø Fotball må vinne neste kamp visst ikkje er det direkte nedrykk.

Om dei vinn ligg også skjebnen deira i andre hender då plasseringa deira er avhengig av resultata i den aller siste runden.

Terje tok oss med bak kulissane til Florø Fotball og fortalde om korleis dei jobbar fram mot neste kamp og kva ein kan lære av å møte motgang.

– Motgang er også noko som kan gjere deg betre og som du kan lære av som leder. Ender dette med nedrykk, så har eg betre erfaring som trener, men ein dårlegare CV.

Vi heier på Florø Fotball og er stolte og kry uansett!

Ordet fritt

Under Ordet Fritt informerte dagleg leiar i Aksello, Lone Bareksten, om at vi har ei ledig stilling som forretningsutviklar hos Aksello. Del gjerne bodskapet vidare og hjelp oss å finne vårt nye tilskot til Aksello sitt team! 🙂

Maritim Forening minna om Nettverkssamlinga deira 14. november og Audun Erik Sunde minna om at dagen etter går petroleumskonferansen Vekst i Vest av stabelen i Flora Samfunnshus.

Neste Frukostsamling

Neste Frukostsamling er torsdag 6. desember.

Har du innspel til innhald eller foredragshaldarar som vi bør få med på Frukostsamlingane våre?

Då vil vi gjerne høyre frå deg! Tips Arne arne@aksello.no.

FRUKOSTGJENGEN: F.v. Arne Olsen (Aksello), Gustav Johan Nydal (Polarny Maritime), Trine Vederhus (Aksello), Martin Ramsdal (Nekst) og Terje Rognsø (Florø Fotball).