Innlegg

Frukostgjengen: Arne Olsen (Aksello), Peter Grinde Hollevik (Orenda), Hans Haddal (Bulandet Miljøfisk), Randi Solheimsnes (DNB) og Linda Hovland (Framtidsfylket). 

På siste Frukostsamlinga før jul fekk vi høyre frå ferske og erfarne gründerar, Orenda og Bulandet Miljøfisk, om Framtidsfylket si rekruttering av smarte hovud til Sogn og Fjordane, og finansieringsmoglegheiter hos DNB.

Orenda

Den nyaste bedrifta i Aksello sin stall var først ut og Peter Grinde Hollevik presenterte idéen Orenda med stor entusiasme. Plattformen han planlegg saman med tidlegare studiekamerat Adam Abu Ras skal gjere det enklare og billegare å reise på språk- og kunnskapsutveksling. I staden for å tilby dyre utvekslingspakkar vil dei byggje ein app der folk kan bruke ferdigheter, kunnskap og losji som valuta.

– Vi ynskjer at fleire skal ha moglegheiten til å reise på utveksling, ikkje berre dei rike, seier Peter engasjert.

– Orenda vil vere med å gi folk forståelse og interesse for andre kulturar, og bryte ned kulturelle barrierer.

Etter nokre månader i idélab hos oss er Orenda no inne i ein fase der dei skal teste ut om konseptet er klart for inkubator. Med støtte frå Kommunal Næringsfond har dei fått moglegheit til å tilsette ein teknisk ansvarleg (CTO) som skal utvikle appen. Marknadsavklaringa dei har utført viser ei stor global interesse for tilbodet, så det vert spennande å følgje denne unge bedrifta vidare.

Bulandet Miljøfisk

Peter fekk positivt respons på presentasjonen sin frå neste foredragshalder, styreleiar Hans Haddal frå Bulandet Miljøfisk.

– Denne måten å lære på er framtida, og Peter er mannen til å selje det, rosa han.

Bulandet Miljøfisk er som mange kjenner til med i inkubator hos Aksello og har presentert seg på frukostmøtet tidlegare. Denne gongen var Hans med for å fortelje om det siste som skjer og rører seg hos inkubatorbedrifta som skal takle miljø og – vekstutfordringane som oppdrettsnæringa står ovanfor. Dette skal dei gjere med eit landsbasert anlegg på Bulandet.

– Vi ser at her er fleire og fleire nye planer for landbaserte oppdrettsanlegg som er inspirert av Buland-modellen og vil byggje ned i grunnen for å gjere det meir energieffektivt. Dette er ein god indikasjon for oss som viser innovasjonshøgda i prosjektet vårt.

Hans tok også publikum med inn i den neste konkrete fasen til prosjektet: eit pilotanlegg som dei planlegg å byggje og setje i drift neste år.

Framtidsfylket

Linda Hovland presenterte Framtidsfylket og viste korleis dei arbeider for å skape vekst og verdiskaping gjennom å rekruttere kompetent arbeidskraft til fylket. Dette gjer dei mellom anna gjennom godt etablerte verktøy som karrieremessa, trainee-ordninga og nettportalen deira.

– Vi legg vekt på det som skil oss frå andre for å finne dei rette folka som vil komme å busette seg og jobbe i Sogn og Fjordane.

Då er det viktig å vise til alt det fantastiske som skjer i næringslivet og alle tilboda som finst på fritida poengterte ho, og på nettportalen deira synleggjer dei nettopp dette gjennom å dele gode historier. Samstundes publiserer dei også jevnlig artiklar om spennande ledige stillingar i fylket, og det har bidratt til ein kjempevekst i besøkjande på nettsida.

– Her er det også moglegheit for bedrifter å bli meir synlege ved å leggje inn ein bedriftsprofil og kople seg på vår CV-database, oppfordra Linda.

DNB – Vekstlån

Randi Solheimsnes frå DNB heldt innlegg om deira pilotprosjekt Vekstlån som er ein ny finansieringsmoglegheit for innovative bedrifter i vekst, fortrinnsvis innanfor teknologi. Meir info finn du her: https://www.dnb.no/vekst

– Om du går på “kven passer dette for” og kjenner deg igjen i beskrivinga, så er det berre å søkje, oppmuntra ho.

Dei fekk inn mange søknader allereie i første runde, og neste søknadsfrist er 20. januar 2019.

Ordet Fritt

Bjørn Lødemel, som gjekk inn i stillinga som ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd 1. desember, presenterte seg under Ordet Fritt. Han ynskte å gjere forsamlinga merksam på at dei er operative og klare til å ta i mot utfordringar frå næringslivet.

Bjørn Hollevik la ei utfordring på bordet, og det er at næringsrådet bør arbeide for å hindre vidare kommarsialisering av flyplassen i Florø og kommersialisering av Bringeland i Førde.

Neste Frukostsamling skjer første torsdag i februar 2019. Vi gler oss til å sjåast igjen og vil takke alle som har bidratt til at Frukostsamlinga har blitt til den gode møteplassen og inspirasjonsarenaen som den er.

Aksello inviterer til ny Frukostsamling torsdag den 6. desember. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

 Programmet ser slik ut:

  • Ny verksemd i pre-inkubasjon: Orenda Languages v/Peter Grinde Hollevik
  • Ny inkubatorverksemd: Bulandet Miljøfisk v/styreleiar Hans Haddal
  • Framtidsfylket orienterer om trainee-stillingar, rekrutteringsmesser og meir v/dagleg leiar Linda Hovland
  • DnB – informasjon om pilot Vekstlån, v/KA Bedriftsmarked Randi Solheimsnes

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Jørgen Berg frå Innovasjon Norge vil vere til stades heile dagen. Om du vil ha eit eige møte med dei, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!

Korleis byggje ein juicebåt på åtte månader, kva er next for Nekst og Florø Fotball sin kommande skjebnekamp var tema under morgondagens Frukostsamling hos Aksello.

Første mann ut var Gustav Johan Nydal frå Polarny Maritime, eit engineeringsfirma som utviklar nye skip og driv med ombygging av skip. Gustav Johan fortalde om eit av dei verkeleg store prosjekta dei har haldt på med i Kina det siste året: Å byggje ein juicebåt for Citrosuco i Brasil på åtte månader.

– Å lage ein heilt ny båt ville ta for lang tid, så her måtte vi finne eit skip vi kunne byggje om.

Båten, eit åtte år gamalt kontainerskip, fann dei utanfor kysten av Tanzania og derifrå gjekk den via Singapore til eit verft i Kina. Der vart den ribba for 600 tonn stål og forsterka med 1900 tonn nytt stål. Vidare vart den utrusta med 15 nye tankar og lastesystem for appelsinjuice, og som ferdig båt skal den frakte juice frå Brasil til USA. Gjennom ein serie av bilde fekk alle eit inntrykk av det massive arbeidet som har vore lagt ned i ombygginga fram til det endelege resultatet.

– Dette er desidert det raskaste prosjektet eg har vore med på og det har vore eit kjempeviktig prosjekt for Polarny Maritime, seier Gustav Johan og legg til at dei har fleire prosjekt for Citrosuco framfor seg.

Nekst – berekraftig vekst

Martin Ramsdal frå Nekst kom med siste status for prosjektet deira etter at dei fekk tilsegn om to konsesjonar til merdanlegg, men avslag på 14.

– Korleis bomma vi så grundig?, spør han innleiingsvis og viser mellom anna til at endringane i spelereglane for konsesjon har hatt ein negativ effekt.

Trass avslaga, er han positiv til vidare utvikling av prosjektet.

– Både fylkesmannen og Fiskeridirektoratet er positive til prosjektet og ser at vi har ein teknologi som kan hjelpe oppdrettsnæringa å vekse på ein berekraftig måte, understrekar han.

Martin forsikrar om at han ikkje vil gje opp med det første, men fortsette med å vidareutvikle konseptet:

– Det er ei stor nasjonal interesse for dette prosjektet. Vi har allereie passert eit trongt nålauge i havbruksnæringa si historie, så vi kan ikkje gje opp, avsluttar han.

Å lære i motgang

Terje Rognsø innleia sin presentasjon med å innrømme at han gjerne skulle ha stått der for å skryte av at dei vann førre kamp, men når det ikkje vart slik var den kommande skjebnekampen tema.

– Florø Fotball må vinne neste kamp visst ikkje er det direkte nedrykk.

Om dei vinn ligg også skjebnen deira i andre hender då plasseringa deira er avhengig av resultata i den aller siste runden.

Terje tok oss med bak kulissane til Florø Fotball og fortalde om korleis dei jobbar fram mot neste kamp og kva ein kan lære av å møte motgang.

– Motgang er også noko som kan gjere deg betre og som du kan lære av som leder. Ender dette med nedrykk, så har eg betre erfaring som trener, men ein dårlegare CV.

Vi heier på Florø Fotball og er stolte og kry uansett!

Ordet fritt

Under Ordet Fritt informerte dagleg leiar i Aksello, Lone Bareksten, om at vi har ei ledig stilling som forretningsutviklar hos Aksello. Del gjerne bodskapet vidare og hjelp oss å finne vårt nye tilskot til Aksello sitt team! 🙂

Maritim Forening minna om Nettverkssamlinga deira 14. november og Audun Erik Sunde minna om at dagen etter går petroleumskonferansen Vekst i Vest av stabelen i Flora Samfunnshus.

Neste Frukostsamling

Neste Frukostsamling er torsdag 6. desember.

Har du innspel til innhald eller foredragshaldarar som vi bør få med på Frukostsamlingane våre?

Då vil vi gjerne høyre frå deg! Tips Arne arne@aksello.no.

FRUKOSTGJENGEN: F.v. Arne Olsen (Aksello), Gustav Johan Nydal (Polarny Maritime), Trine Vederhus (Aksello), Martin Ramsdal (Nekst) og Terje Rognsø (Florø Fotball).

Aksello inviterer til ny Frukostsamling torsdag den 1. november. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Innhaldet denne gongen vil spenne frå korleis det kan vere å drive prosjekt i Kina, kva som kan skje med det mykje omtala prosjektet til Nekst i Flora, Askvoll og Solund, til en pep-talk frå Florø Fotball-trenar Terje Rognsø før dei siste og avgjerande kampane i årets OBOS-liga.

Programmet ser slik ut:

– Erfaringar med prosjekt i Kina v/Gustav Johan Nydal, Polarny Maritime

– Nekst og utviklingskonsesjonar – kva no? v/Martin Ramsdal

– FSK Florø Fotball – skjebnekampar v/Terje Rognsø

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg være til stades heile dagen. Jørgen Berg kjem denne gongen, og han er tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med han, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!

Aksello inviterar til ny Frukostsamling torsdag den 4. oktober. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Programmet ser slik ut:

– Hydrogen på Fjord Base v/Svein Bjørkedal
I høve den pågåande Hydrogen-konferansen set vi òg fokus på dette viktige temaet.
Prosjektleiar Svein Bjørkedal frå INC kjem for å snakke om deira satsing på hydrogen på basen (eit prosjekt støtta av PetroFlora).

– Knoppskyting innan energieffektivisering – Thermonitor v/Trond-Atle Asphjell, Niprox
Nytt produkt frå den dyktige Niprox-gjengen (også støtta av PetroFlora).

– SensEye v/Sten Ingve Hellevang
Den nyaste verksemda i Aksello sin inkubator presenterer seg. Spennande, digitale løysingar innan m.a. fergetrafikk.

– Telecom World Førde 2018 v/Christiane Ulriksen, Enivest
Etter LAN-suksessen står Telecom World for tur.

– Comfort Hotel Florø og vinnarkultur v/Agnes Berntsen
Hotellet skal gjennomgå eit løft, og styreleiaren har også noko å seie om vinnarkultur.

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg være til stades heile dagen. Rune Henjesand og Kjell Haganes kjem, og Rune er tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med han, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!

Aksello håpar alle har hatt ein fin sommar og ønsker velkommen til haustens første Frukostsamling, torsdag den 6. september. Frukost blir servert frå kl 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Programmet, som denne gong vert dominert av kyst-tema, ser slik ut:

  • Fjordkysten – Kva skjer? Destinasjonsselskapet har vore gjennom ein endringsprosess, og vi er spente på å høyre kva Marita Solheim har å seie om status og framtida.
  • Flora Hamn – Framtidas hamn – viktige grep v/Hamnesjef Linda M. Midtbø
  • Ny inkubatorbedrift: Evoy AS v/Leif Stavøstrand. Evoy jobbar med båtar med elektrisk framdrift, og Leif har ymta frampå om «flere nyheter og en verdenspremiere», så her er det berre å følgje med.

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg vere til stades heile dagen. Denne gongen kjem Jørgen Berg. Om du vil ha eit separat møte med Jørgen, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!

Aksello ynskjer alle velkommen til ny Frukostsamling den 5. april. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; og innlegg frå kl. 08.00 til 09.00.

Tema for samlinga er Kinn kommune og vi kjem med fleire detaljer på Facebook når vi nærmar oss frukostmøte, så følg med her. 

Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kom og høyr, diskuter og treff gamle og nye kjende!

 

Aksello ønsker velkommen til ny Frukostsamling den 1. mars. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; innlegg blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Vi får besøk av eit av industrifyrtårna i vårt distrikt, nemleg Elkem Bremanger. Adm. dir. Arne Werge-Olsen vil gje ein status for bedrifta, og sjå litt inn i krystallkula. Den nye inkubatorverksemda Fjordpanel vil presentere seg, og vi skal snakke om planane for lokal markering under Offshore Northern Seas 2018 i Stavanger:

  • Elkem Bremanger – status og moglegheiter» v/Arne Werge-Olsen
  • ONS 2018 v/Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Aksello
  • Ny inkubatorbedrift Fjordpanel v/Jonny Bjørnset og Rune Hjelmeland
  • Ordet fritt

Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).
Kom og høyr, diskuter og treff gamle og nye kjende!

PS. Innovasjon Norge vil være i Florø denne dagen. Om nokon ynskjer separat møte med dei, så gje melding til arne@aksello.no.

Vel tilbake etter siste månads gjesteopptreden i Sparebanken Sogn og Fjordane sine nye lokaler, ønsker vi velkomen til ny Frukostsamling heime hos oss.

Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30. Innlegg frå kl. 08.00 til 09.00.

Program:

  • Høgskulen i Florø og vegen vidare v/Øyvind Østrem
  • Nye idélab-bedrifter: Septentrio og Norsk Selgerutvikling
  • Sommertreff på Haave-bua den 23. juni v/Heidi Felle
  • Ordet fritt

Innovasjon Norge vil ha kontordag hos Aksello denne dagen. Egil Henning Ytrøy er den som stiller frå dei. Meld frå til arne@aksello.no om du ønskjer eit separat møte med han.

Samlinga finn stad i Aksello i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kom og høyr; nytt og nyt denne siste Frukostsamlinga før sommarferien!

Velkomen til Aksello si frukostsamling torsdag 2. mars! Frukost og kaffe vert servert frå kl 07.30. Innlegg frå kl. 08.00 til 09.00.

Program:

  • Presentasjon av Niprox AS, ved salssjef Roy Austbø
  • Presentasjon av Systemintegrering, ved dagleg leiar Tor Even Eide
  • Ut med Fram Flora – inn med Aksello. Presentasjon av Aksello sin nye strategi og sitt nye namn, ved dagleg leiar Lone Bareksten
  • Ordet fritt

Innovasjon Norge vil ha kontordag hos Fram Flora denne dagen.

Samlinga finn stad hos Aksello i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kom og høyr; diskutér og treff gamle og nye kjende!