Skip to content Skip to footer

Fjord Panel gjer Comeback i inkubator!

Ny innovasjon

Vi ynskjer Fjord Panel AS velkommen tilbake i inkubator, og synast det er særs gledeleg når tidlegare inkubatorbedrifter med vellykka exit kjem tilbake med ny innovasjon. 

17. juni presenterte selskapet sine planar for Aksello’s styre og blei tatt opp i inkubator for 2. gang. Det var i 2018 selskapet hadde ein positiv exit frå inkubatoren og var klare for marknadsintro av Fjord Panel varemerke: Plater av silikat – eit ikkje brennbart materiale, med lavare vekt og høgare brannsikkerheit enn det som eksisterte på marknaden.

Fjord Panel blei etablert under opphald i inkubatoren og var ei knoppskyting frå Rune Hjelmeland sitt selskap, Fjordesign, og eit samarbeid mellom tre selskap med lang fartstid innan skipsindustrien: Fjordesign og Ortnevik Tre frå Høyanger kommune og Vestnes Norway i Florø. 

Selskapet har sidan levert over 5000 plater til kundar som Brødrene Aa, UMOE Mandal, OMA Baatbyggeri m.fl, og har inngått avtale med Fjellstrand AS om eit innovasjonsprosjekt for vidareutvikling av produkt og nye produksjonsmetoder som er meir miljøvenlege og kosteffektive. Fjellstrand skal bygge verdas første heilelektriske hurtiggåande katamaran, der Fjord Panel skal levere komplett innreiing.

Styrka team

Selskapet har styrka teamet med styreleiar Morten Zakariassen, som er inne på eigarsida med selskapet H+M Steel. Zakariassen har industrierfaring fra Statkraft, Hydro og Telenor, og har jobba internasjonalt over 25 år. Han har også vore involvert i fleire start-up’s, mest kjent er Crayon.

Fjord Panel har tidlegare gjort seg bemerka som nyskapande og var i 2018 ein av 3 finalistar for prisen Årets Gründer 2018 i Sogn og Fjordane. Fjord Panel tok med seg ein fin 2. plass der Tibber gjekk av med sigeren.

Aksello ser fram til vidare samarbeid!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet