growth-Aksello-kapitaldagen

Kapitaldagen 2021

For femte året på rad arrangerer vi Kapitaldagen – ein arena for vekst og verdiskaping på vestlandet. 15. september får du ei unik moglegheit til å møte investormiljø, spanande oppstartsbedrifter og etablert næringsliv frå heile fylket på Sunnfjord Hotell i Førde. Spanande gründerar skal pitche sin forretningsidé, og det blir høve til individuelle møter med investorar i etterkant av arrangementet. 

Det vert lagt opp til fysisk og digital gjennomføring, live frå Larris Scene!

Sjekk ut program og påmelding her: https://www.kapitaldag.no/.  Frist for påmelding er 1. september for gründerar som ynskjer å pitche, og 8. september for andre.

Aksello er medarrangør av Kapitaldagen saman med Innovasjon Norge Vestland, Kunnskapsparken Vestland, Sogn og Fjordane Næringsråd og NHO Vestlandet.