Skip to content Skip to footer

Digital Frukost-meny på fredag

Kva tenker lokale verksemder om Korona-utfordringane?

Korleis kan Kinn kommune bidra?

Kva for ein av Aksello sine inkubatorverksemder har hatt sitt million-gjennombrot denne månaden?

Kva seier Kristin Maurstad om si nye stilling som kommunalsjef for innovasjon og utvikling; kva ser ho som viktige prosjekt framover, og er næringslivet einige?

Aksello sitt digitale Frukostmøte på fredag den 15. kl. 08.30 gir deg svar på alle desse spørsmåla. Lone Bareksten leiar oss gjennom 45 minutt med nærings-tema, der du også møter Gustav Johan Nydal, Rolf Bjarne Sund, Gabriel Ossenkamp og Thor Arne Ullaland i tillegg til nemnde Kristin.

Sett av tida på fredags morgon. Link til arrangementet blir publisert på Aksello si nettside og på Facebook ein time før møtet startar.

Følg gjerne Aksello på Facebook, så vil du få beskjed når sendinga startar.

Velkommen!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet