eksterne rådgjevarar - aksello

Aksello treng fleire eksterne rådgjevarar

Vi ynskjer å kome i kontakt med deg som har lang bransjeerfaring, har starta, utvikla og leia selskap og som ynskjer å bruke din kompetanse til å hjelpe gründerar å realisere framtidas arbeidsplassar. 

Aksello er eit næringsutviklingsselskap og inkubator med nedslagsfelt på kysten både nord-, sør- og austover i frå Florø. 

Vår visjon er å skape og sikre arbeidsplassar i vår region.

Gjennom inkubatoren vår hjelper vi dei nye gründerane og knoppskytingane frå eksisterande næringsliv med å lykkast innan innovasjon, nyskaping, testing, kapitalinnhenting og realisering av nye berekraftige løysingar.

For å lukkast med dette, og levere dei beste tenestene til gründerar og næringsliv, treng vi fleire dyktige forretningsutviklarar og rådgjevarar med engasjement for innovasjon og nye idear.

Som inkubator har Aksello moglegheit til å leige inn dei rette ressursane til våre inkubatorbedrifter slik at vi sikrar den rette kompetansen i bedriftene sitt utviklingsløp. Dette gjer vi via eigne tilsette, men og eksterne rådgjevarar som vi leiger inn. Kan du tenke deg å vere ekstern rådgjevar hos Aksello? 

Om dette er interessant, håpar vi du vil fylle ut skjemaet via knappen du finn nedst på sida. Vi ser fram til å høyre frå deg og vil raskt kome i kontakt med deg for å bli betre kjend. 

Som Aksello sin eksterne rådgjevar vert du deltakar i eit miljø saman med våre interne og eksterne rådgjevarar. Det er lagt opp til faste rådgjevarmøter og fellesaktivitetar der du får moglegheit til å dele di erfaring og lære av dei andre. Det kan og vere aktuelt at du deltek på kompetansehevande aktivitetar etter eige ynskje. 

Ein av dei eksterne rådgjevarane som har vore lenge i Aksello er Knut Eikeland, han har gjennom dei siste åra vore rådgjevar for mange inkubatorbedrifter i Aksello. Knut har brei erfaring frå ulike bransjar og gjennom etablering og utvikling av Mercatus som ei vellykka gründererfaring. Dette er det Knut seier om å vere ekstern rådgjevar for Aksello:

Knut Eikeland | Aksello AS

«Som Aksello sin rådgjevar får eg bidra i utviklinga av fleire nye og dyktige selskapa i inkubatoren, det synest eg er veldig kjekt. Det er også veldig lærerikt for meg å møte mange flinke og entusiastiske gründere. Det å bli kjend med miljøet og ressursane som Aksello representerer har ikkje minst gitt meg moglegheit til å utvikle mitt eige nettverk, samstundes som eg får bruke noko av det eg er god på tilbake. Dette er vinn-vinn slik eg ser det.»

Om dette høyres spennande ut håpar vi du tek kontakt med oss!
Meld interesse, og fortell oss litt om deg sjølv.

Aksello er eit næringsutviklingsselskap og inkubator med nedslagsfelt på kysten både nord-, sør- og austover i frå Florø. 

Vår visjon er å skape og sikre arbeidsplassar i vår region.

Gjennom vekst og omstillingsprogram støtter vi næringslivet med rådgjeving og finansiering til å gjere dei rette vala for å skape framtidige berekraftige arbeidsplassar. 

Gjennom inkubatoren vår hjelper vi dei nye gründerane og knoppskytingane frå eksisterande næringsliv med å lykkast innan innovasjon, nyskaping, testing, kapitalinnhenting og realisering av nye berekraftige løysingar.

For å lukkast med dette og levere dei beste tenestene til gründerar og næringslivet treng vi fleire dyktige forretningsutviklarar og rådgjevarar med engasjement for innovasjon og nye idear.

For at inkubatorbedriftene våre skal ha den beste rettleiinga i utviklinga av dei nye selskapa, treng vi erfarne rådgjevarar med erfaring i frå næringslivet.