Skip to content Skip to footer

75 millionar i ny eigenkapital

Eit av Aksello sine fokusområde er å hjelpe dei verksemdene som er i inkubasjon hos oss til å skaffe ny eigenkapital. Korleis gjekk det i 2019? Kortversjonen er at det vart henta inn i alt 75 millionar kroner i aksjekapital og ansvarleg lån fordelt på dei bedriftene som er i inkubasjon hjå Aksello. «Dette er fantastisk bra og ny rekord for Aksello. Og ikkje minst; det syner igjen at det å vere tilknytt eit inkubatormiljø er positivt for utvikling og realisering av forretningsideen din!», seier dagleg leiar Lone Bareksten

Det er selskapa sjølv som gjer den viktigaste jobben med kapitalinnhenting. I tett samarbeid med inkubator gjennom rådgjeving, opplæring, tilgang til nettverk og fellesskap med andre bedrifter, fokuserer ein på å legge eit så godt grunnlag som mogeleg for å lykkast med innhenting av kapital.

Vi kjem tilbake med ein fyldigare artikkel om dette emnet om ikkje lenge.

Til slutt: Aksello har plass til nye, innovative verksemder som ynskjer bistand til etablering og vekst. Vil du vite meir om dette, så ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken (vanja@aksello.no) eller forretningsutviklar Frode Nybø (frode@aksello.no) hos oss.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet