Skip to content Skip to footer

Hydrogen-selskapet Helinor Energy vert med i Aksello-inkubatoren

Det nystarta selskapet Helinor Energy AS er i gang med å etablere seg på Fjord Base i Florø. Selskapet skal levere utstyr for hydrogen som drivstoff om bord i skip. Utstyrsmodulane inneheld brenselsceller som omdannar hydrogen til elektrisk energi utan klimautslepp. Aksello har teke opp Helinor Energy som ny inkubatorbedrift.
Frå gass til hydrogen

Helinor Energy AS etablerer seg i Florø, med Stian Antonsen som dagleg leiar og Elling Helvig som styreleiar. Dei to er gründerane bak Helinor.

Stian Antonsen har mekanisk bakgrunn frå maritim næring. Dei siste 15 åra har han jobba med fornybar energi i ulike bransjar, frå elbil til tog og anna større maskineri. Han vil leie det tekniske området og produktutviklinga i Helinor Energy.

Elling Helvig har mellom anna teknisk ingeniørbakgrunn frå USA. Han har drive sal av ventilar og prosessutstyr til oljeindustrien og til store fartøy, også gjennom eige selskap. Han har vore med på overgangen frå diesel til gass som drivstoff for skip. Det var bakgrunnen for etableringa av Helinor Energy AS. Gass i skipsfarten er eit steg i rett retning, men det er ein overgang. Vi må lande på noko som er endå meir berekraftig, seier han.

På plass på Fjord Base

Når Helinor Energy har fått på plass kapitalen som trengst, vil selskapet gå i gang med å rekruttere medarbeidarar. Det første året vil det vere tale om rundt 30 personar. Stålarbeid og anna arbeid vil dei kjøpe lokalt av underleverandørar. Vi ønsker å nytte så mykje som råd av lokal kompetanse, seier Antonsen og Helvig.

I månadskiftet april/mai flytta Helinor Energy AS inn i industribygget inst på Fjord Base aust for Florø. Florø Hamn KF er eigar både av bygget og av kaia utanfor, som begge er ganske nye.

Her vil Helinor Energy sette saman og klargjere utstyrsmodulane dei skal levere. Innmaten med sjølve brenselscellene blir laga av ein velrennomert samarbeidspartnar i USA. Rammer og kledning skal lagast i Botnastranda. Kvar modul er på storleik med eit lite kjøleskap og leverer 125 kWh. Dei kan byggast oppå kvarandre i tårn, monterast i konteiner eller installerast direkte i fartøy ved eit verft. Utstyret er «plug and play», slik at verft eller reiar også kan installere det sjølve.

Elling Hellvig (til venstre) og Stian Antonsen saman med hamnesjef Linda Midtbø i Florø. Foto: Maria Benæs Hunvik/Hub for Ocean.

Hydrogen-utnytting på ny måte

I nær framtid vil Helinor Energy starte med å levere utstyrspakker som leverer 45 til 60 kilowatt. Desse vil passe på mindre fartøy som sjarkar, arbeidsbåtar og fritidsbåtar eller som supplement til batterielektrisk framdrift. Om halvtanna til to år er planen å kunne levere løysingar til større fartøy.

Måten som Helinor Energi utnyttar hydrogenet på er ny. Selskapet har den mest kompakte løysinga med den høgaste effekten i marknaden, fortel kundar. Kvar enkelt utstyrspakke kan lett skalerast opp eller ned, til dømes når eit fartøy skal endre seglingsmønster.

Hydrogenløysinga kan enkelt kombinerast med både dieseldrift, gassdrift og elektrisk drift med batteri. Den kan auke rekkevidda for fartøy med batterielektrisk framdrift, og den kan brukast både i hovudframdrift og i hjelpemotorar.

Ti fots konteiner med brenselsceller. Illustrasjon: Helinor.

Helinor-modul med brenselscelle for maritim bruk. Illustrasjon: Helinor.

Vilje og politisk drakraft

̵  Korleis landa Helinor Energy på Florø som staden å etablere seg?

̵  Det har mange årsaker. Vi såg både på storbyar, oljebasar og andre område. Kinn kommune viser vilje og politisk drakraft når det gjeld det grøne skiftet. Florø Hamn har lagt tilrette for etableringa vår. Fjord Base er ein stor base med eit stort industrielt miljø og med arbeidskraft rundt seg.

̵  I Florø har vi tilgang til grøn energi, og vi ligg nær både Europa og andre norske basar med stort potensiale for bruk av hydrogen. Det var låg terskel for å få til ein leigekontrakt her. Direktefly til Gardermoen er også eit pluss. Florø ligg nær kyst og hav. Kombinert med fjord og fjell har dette vore med på å gjere det lettare å relokalisere Helinor Energy hit frå Oslo. Vi skal vere her mykje, og då er det viktig at vi likar naturen rundt oss, seier Stian Antonsen og Elling Helvig. Sistnemnde har tenkt å ta med båten sin til Florø.

Inkubatorbedrift hos Aksello

Aksello tok opp Helinor Energy i inkubatorprogrammet sitt i juni 2023. Som deltakar i programmet får eit gründerselskap tilgang til rådgjeving og til verkemiddelapparatet for finansiell støtte. Såleis jobbar dei no med ein søknad til Innovasjon Norge om støtte til mellom anna marknadsarbeid og utvikling.

Aksello er også ein god møteplass for fleire gründerselskap der selskapa kan både lære og få inspirasjon av kvarandre. Dette er erfaringa til andre selskap som har vore med i inkubatorprogrammet, og er noko gründerane bak Helinor Energy set stor pris på.

Tekst: Magnus Helge Torvanger.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet