Skip to content Skip to footer

Departementsbesøk 20. mars

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) har takka ja til ein invitasjon frå Aksello og Kinn kommune om å vitje oss. Fredag 20. mars kjem sju personar frå ulike avdelingar i KMD for å høyre meir om korleis  sentrale politiske vedtak slår ut i praksis i kommune-Norge. 

Den øvre forvaltinga er særs viktige og det er dei som står for utgreiingar og forslag til beslutning i forkant av politiske avgjersler. Vi er veldig glad for at KMD har takka ja til invitasjonen vår og at dei kjem med så mange representantar for å besøke Kinn kommune. 

Fire tema skal framhevast:

  1. Nærings- og samfunnsutvikling – enormt potensial 
  2. Verkemiddelapparatet – katalysator for samfunnsutviklinga
  3. Innbyggerperspektiv – samanslåing, usikkerheit  
  4. Samferdsel – avklaringar nødvendig

Vi ønskjer å inkludere både næringsliv og aktuelle partar av dei nemnde tema, og vi vil kontakte ulike bedrifter. Send oss gjerne ditt innspel til korleis vi kan syne faktiske konsekvensar av dei ulike tiltaka.  Nokre gonger slår det positivt ut, og nokre gonger kan tiltaka verke mot si hensikt: Kva vert den eigentlege effekten av kommunereforma på sikt? Korleis fremje og kva fortrinn har vi i Noregs raraste kommune? Kva vert reell effekt av færre avgangar med Widerøe? Korleis skal vi gjere oss attraktive nok til å tiltrekke oss nye offentlege arbeidsplassar og nye tilflyttarar til kommunen? Verkar avgiftsfastsetjing vilkårleg og lovpålagte tenester mot si hensikt?

– kva løysingar ser vi for oss? 

Vi er stolte over verdiskapinga i vår region, så i staden for å påpeike feil og manglar, ynskjer vi å kome med gode idear, løysingar og ynskjer for kommunen og kystens moglegheiter og utfordringar. Send gjerne forslag, idear og innspel til aktivitetar til Aksello v/Kari Brun Ågotnes

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet