Skip to content Skip to footer

Julehelsing frå Aksello

Julefreden begynner å senke seg, og det er mange glade for. Det har vore eit kjekt og hektisk år – utviklinga har vore positiv langs kysten vår. Aksello er stolt av å kunne bidra til framtidig verdiskaping.

I 2019 har vi lært eit nytt ord som blir med oss vidare: Samskaping. I 2020 vil Aksello fortsette å utvide og utvikle samarbeid langs kysten av nordre Vestland, og sørge for samskaping på tvers.

Tre nye, dyktige medarbeidarar er på plass – først ut var Frode. Med sin breie erfaring innan prosjektstyring er han ei viktig brikke for å sikre forretningsutvikling i inkubatorbedriftene. Linn var på plass ein liten månad etter og tok raskt eigarskap til havbruksprosjektet som ho har styrt i ei spanande retning. Vi ser fram til vidareføringa av hovudprosjektet innan havbruk «Blå horisont 2030; saman for ei grønare blå næring». Kari var på plass i august og blei møtt med stor pågang frå etablerarar både i Flora og Vågsøy. Kari sitt store engasjement for å legge til rette og hjelpe innan gründerutvikling i dei to kommunane legg gode føringar for næringsutvikling i nye Kinn Kommune.

Vanja er på plass igjen etter eit lite år i foreldrepermisjon, og leiar inkubatoren trygt over i 2020. Vi har hatt suksess med ein felles Kapitaldag saman med mellom anna Innovasjon Norge og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, og fleire av inkubatorbedriftene har lukkast med både kapitaltilgang og marknadsaksept i 2019. Dette er vi veldig nøgde med og satsar derfor i 2020 på mange nye bedrifter inn i inkubatoren.

Vi har òg arbeidd med moglege offentlege arbeidsplassar til regionen vår, det gjeld mellom anna prosjektansvaret for Barnevernsprosjektet. Der har kollega Arne spilt ei viktig rolle som Aksello sin prosjektrådgjevar. Eit anna prosjekt på nasjonalt plan i Arnes regi, er bidragsytar til utvikling av Norec sin næringsstrategi.

Arbeidet med vekst i etablert næringsliv har resultert i åtte bedrifter som har gjennomført Vekstprogrammet. Veldig gode tilbakemeldingar gjer at vi vil sjå på korleis eit slikt program kan nyttas framover – då gjerne med eit større nedslagsfelt og fleire samarbeidspartnarar.

Eit kompetent team, positivisme i næringslivet samt rydding i verkemidlar frå departement, Siva og Vestland fylke, gjer det ekstra spanande for meg som leiar å ta fatt på oppgåvene i 2020. No kan eg jobbe ytterlegare med å legge til rette for samskaping og næringslivsutvikling, samt arbeide med at regionen vår blir posisjonert i høve virkemiddelstrukturen for framtida.

Minner om at det ikkje vert Frukostmøte i januar, så det første Frukostmøtet i 2020 vert den 6. februar.

Har du nokon innspel til aktivitetar, tiltak eller satsingsområde framover, ta gjerne kontakt!

Aksello ønskjer alle ei riktig god jul.

Hjarteleg helsing
Lone Bareksten

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet