Skip to content Skip to footer

Klar for ny sesong med Fjordz

Halvor Halvorsen er ein av gründerane i idélaben til Aksello. Til vanleg har han fast plass i kontorlandskapet vårt, men i sommar treffer du han mest sannsynleg på Vestlands- og Østlandsturné med Fjordz-sykkelen sin. For når iskrem-gründeren får spørsmål om kva planar han har for sommaren kjem svaret momentant:

– Iskrem!

Han smiler og legg til:

– Då eg jobba som kokk var noko av det beste eg visste heimelaga iskrem. Ein kan vel seie at det var der det heile begynte.

 

Frå idélab til dei store kjedene

September 2015 blei Halvorsen med i idélaben vår for å realisere ideén sin om å produsere ein lokalprodusert is basert på dei beste og mest smakfulle bæra frå fylket. Etter å ha utforska utallige bær og forskjellige smakar var dei første Fjordz-isane, ein med bringebær og ein med jordbær, klar for lansering september 2016. Coop Vest var den første kjeda som tok produkta inn i butikkane sine, og salet gjekk over all forventing. På Coop Extra i heimbyen Florø vart isen utseld.

– Å bli løfta opp av Coop Vest og lansere isen i 60-70 butikkar var gull verd for Fjordz. Dei fekk meg opp på eit nivå som ein vanlegvis må slite lenge for å få til. Dette gjorde det enklare og mindre risikofylt for grossistane å ta meg inn og satse på Fjordz. Og dette opna igjen dørene til fleire butikkar, fortel Halvorsen.

I tillegg til Coop Vest, sel han Fjordz i 25 butikkar på Østlandet, fordelt på Oslo, Akershus og Buskerud. For vel to veker sidan sikra han seg også ein avtale med Rema 1000, og snart kan ein kjøpe Fjordz-is i utvalde Rema 1000-butikkar i Sunnfjord. Sidan lanseringa i fjor har han selt fleire tusen liter med is, og planen i sommar er å reise rundt på Vestlandet og Østlandet slik at endå fleire skal få “sansane opp” for smaken av Fjordz.

– Til no har eg jobba mykje mot dei store kjedene og kjøpmenn, men planen for sommaren er å reise mykje, gjere butikkdemonstrasjonar og treffe folket slik at fleire kan få gleda av å smake på Fjordz-isen, smiler han.

 

Dei evige utfordringane

Og at han ein dag skal nå det endelege målet om å leve av å selje is er han trygg på, men han innrømmer at ein møter på nok isberg undervegs. Dei klassiske utfordringane er finansiering og nok tid til å gjere alt som trengst når ein driv eiga bedrift.

– Den evige utfordringa er å få tid til alt! Her er det om å gjere å ikkje miste nattesøvnen, for når du er gründer og har løyst eit problem, så får du to nye som takk, ler han.

Då er det godt å ha ein plass å komme til der ein er del av eit større gründermiljø.

– Eg trivast utruleg bra her hos Aksello. Det er eit godt miljø å vere i for det heiter ikkje“hjemmekontor” med “hj”, men med “gj”, spøkar han.

Når han ikkje fartar rundt med Fjordz-sykkelen sin, har han difor fast plass hos Aksello.

– Her kan ein diskutere problem og løysingar saman med dei andre gründerene som også møter på dei same utfordringane. Samstundes blir ein også inspirert av dei andre når dei gjer det bra. Ein skal ikkje underkjenne at det å vere i lag med andre som lykkast gir deg eit godt grunnlag for å lykkast sjølv, understrekar Halvorsen.

– Avslutningsvis. Kva er det viktigaste du har lært som gründer så langt?

– Eg har lært at den største avgrensinga er meg sjølv. Det er viktig å vere løysingsorientert, sjå moglegheitene og ta dei! Til og med når det er freistande å gi opp, så kjem løysinga. For når det er mørkt er det alltid nokon som veit kor lysbrytaren er, svarar han spøkefullt.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet